Hopp til innhold

– Vi kjem til å gå hardare ut og oppmode om vaksinering av alle tilsette

FØRDE (NRK): Eit fåtal tilsette i eldreomsorga vaksinerer seg mot influensa, trass sterke oppmodingar frå styresmaktene. Årets influensa kan vere svært farleg, særleg for eldre.

Una Holmelid og Lise katrine Helland ved Førde Helsetun

IKKJE VAKSINERTE: Korkje avdelingsleiar Una Holmelid eller sjukepleiar Lise Katrine Helland ved Førde Helsetun er vaksinerte mot influensa. Holmelid veit heller ikkje om nokon andre av dei 35 tilsette ved avdelinga som er vaksinerte.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette har med pasienttryggleik å gjere, seier Siri H. Hauge, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet FHI).

Dei har ikkje oppdaterte tal på kor mange helsetilsette som lar vere å vaksinere seg, men ei undersøking i 2015 syner at under 10 prosent av sjukeheimstilsette var vaksinerte. Hauge i FHI trur ikkje tala har blitt betre.

I går kunne NRK fortelje at årets influensavaksine ikkje er så effektiv som helsestyresmaktene kunne ønske seg. Urovekkjande, meiner helsetilsette.

Vil vaksinere seg

Einingsleiar ved Førde Helsetun, Una Holmelid, er ikkje sjølv vaksinert mot influensa, noko ho no vil gjere noko med.

– Sjølv om eg ikkje har jamleg nærkontakt med pasientane, vil eg no vaksinere meg. Vi kjem til å gå hardare ut og oppmode om vaksinering av alle tilsette neste år, seier ho.

Tek ikkje dei tilsette ved Førde Helsetun tilstrekkeleg omsyn til pasientane sidan det ser ut som ingen har vaksinert seg?

– Nei, det har ikkje noko med at vi ikkje det omsyn å gjere. Det har vore manglande fokus på vaksinering, seier ho.

Influensasesongen er no i full gang og det er registrert sjuke over heile landet.

Vil offentleggjere vaksineringsgrad

No når influensasesongen står for døra og ein veit at det sirkulerer mange virus, er det spesielt viktig at både pasientane og dei tilsette på sjukeheimane er vaksinerte, meiner Hauge ved Folkehelseinstituttet.

Siri Helene Hauge

NYE TILTAK: Siri H. Hauge, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, vil offentleggjere kor stor del av dei tilsette på sjukeheimane som er vaksinerte.

Foto: Folkehelseinstituttet

Ho trur hardare lut må til for å få sjukeheimstilsette til å vaksinere seg.

– Det spørst om vi bør innføre ei ordning der det blir offentleggjort kor stor del av dei tilsette som er vaksinerte. Ei offentleg rangering kan føre til at vaksineringsgraden går opp, seier ho.

Det kan få fatale følgjer dersom sjuke og svake blir smitta av influensa. Kvart år døyr om lag 1000 personar av influensa i Norge. I fjor var det ekstra ille, då ein i løpet av nokre veker mellom anna opplevde at fire pasientar på ein og same sjukeheim døydde som følgje av influensa.