Eirik Horneland klar som Brann-assistent

Det var ingen kanin som blei dregen opp av hatten då Brann inviterte til pressekonferanse sundag. Men Eirik Horneland blei presentert som ny assistent-trenar.

Horneland ny Brann-trenar

PRESENTERT: Eirik Horneland (t.v.) blei presentert som ny assistent-trenar sundag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ryktene om at Horneland skulle ta over som assistent byrja å florera i lokalavisene i Bergen denne veka.

Horneland har vore arbeidsledig sidan han gjekk av som Rosenborg-trenar i slutten av juni.

Stillinga som assistent-trenar i Brann har vore ledig etter at Robert Hauge var ferdig som assistenttrenar i klubben for to veker sidan.

Brann inviterer til pressekonferanse på stadion søndag ettermiddag.

Sjå pressekonferansen

– Ein god nyheit for oss

– Dette er ein god nyheit for oss. Me får inn ein fagleg dyktig mann. Me får inn ein som kjenner norsk fotball veldig godt, og me får inn ein veldig fin type, seier sportssjef Rune Soltvedt.

Brann og Horneland har skrive kontrakt ut 2022

– Eg gler meg, det blir utruleg interessant. Det er store ambisjonar i Brann, og det gler eg meg til å vera med å utvikla vidare, seier Horneland sjølv.

Kvifor har de tilsett Horneland?

– Når eg forstod at det kunne vera mogeleg for meg å få inn han, var det aldri nokon tvil. Me er ulike, og det er det viktigaste, seier hovudtrenar Kåre Ingebrigtsen.

Er du redd for at det blir for mykje forandring?

– Forandring blir det. Det må til. Men me skal vera forsiktig med det og gjera det over tid, seier Ingebrigtsen.

Sander Svendsen

FORTVILA: Kåre Ingebrigtsen har vunne ein av dei åtte kampane han har leia Brann. Her fortviler nysigneringa Sander Svendsen under Mjøndalen-kampen laurdag.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Tøff sesong

Til saman har Kåre Ingebrigtsen og Eirik Horneland leia Rosenborg i over 20 000 minutt på bana. No skal dei altså leia Brann saman.

Ingebrigtsen tok over trenarjobben i august i år, etter at Lars Arne Nilsen måtte gå. Nilsen sat som trenar i fem år, men måtte gå av etter dårlege resultat på bana.

Resultata har derimot ikkje betra seg noko særleg for bergensklubben. Då Nilsen gav stafettpinnen vidare, var Brann på 8. plass på tabellen. No ligg dei på 11. plass. På åtte kampar har Ingebrigtsen teke fem poeng.

Dessutan kan både Haugesund og Sandefjord gå forbi Brann og senda dei til 13. plass sundag kveld.

Laurdag 24. oktober gjestar Stabæk Brann stadion.