Torsdag føremiddag viste ordførar Linn Kristin Engø (29) den nye varaordføraren Eira Garrido (26) rundt på rådhuset i Bergen.
SV-politikaren er heilt fersk i rolla si. For berre ei lita veke sidan ante ho ikkje at ho straks skulle få seg ny jobb.
Bergensaren er forholdsvis ny i politikken. Ho stilte til val for første gong i 2019. Tidlegare har ho vore engasjert i studentpolitikken og i kvinnerørsla.
På berre ei veke har livet hennar blitt snudd opp ned.
– Eg er den første med mørk hud som sit som varaordførar i Bergen. Me treng at fleire med krysskulturell bakgrunn sit i leiarposisjonar, seier ho.
Kva skjedde?
Garrido trekkjer både fram at ho er kvinne og at ho er fleirkulturell som viktige perspektiv. Far hennar kjem frå Montevideo i Uruguay, medan mora er bergensar.
Foto: Even Norheim Johansen / NRKTo prosent sjanse
I haust har det tidvis vore kaos i politikken i Bergen. På grunn av ein barnevernsskandale måtte byrådet gå av.
Det førte mellom anna til at Rune Bakervik (Ap), som fram til oktober var ordførar, fekk ny jobb som byrådsleiar.
Då stod ordførarstolen tom. Den tok 29 år gamle Linn Kristin Engø (Ap) over.
Og dermed var det hennar gamle jobb som var ledig: varaordførar i Noregs nest største by.
Det var likevel ikkje sjølvsagt at Garrido skulle få jobben.
Slik reagerte Eira (26) då ho fekk spørsmål om jobben.
Bystyret i Bergen har 67 representantar. SV har seks av dei, noko som er langt frå eit fleirtal.
Fredag fekk ho vita at SV ville foreslå ho som kandidat. Då ho varsla arbeidsgivaren sin, anslo ho at det var rundt 2 prosent sjanse for at ho ville bli vald.
Så bestemte Arbeidarpartiet seg for at ho var den beste og mest samlande kandidaten. Samtidig bestemte Høgre seg for å ikkje fremja ein kandidat.
Då hadde ho plutseleg fleirtalet ho trengde.
– Trur ikkje det har gått opp for meg
Onsdag kveld fekk ho stemmene til Ap, MDG, SV, Raudt, KrF og Venstre, og fire stemmer frå SP, og var offisielt blitt ny varaordførar.
– Det er veldig gøy. Eg trur eigentleg ikkje det har gått opp for meg, seier Garrido.
Sjefen som hadde blitt varsla om at det berre var ein ørliten sjanse for at ho måtte byta jobb på kort varsel fekk også ein overraskande beskjed.
– Heldigvis forstod han at det finst andre som kan gjera min jobb og at permisjon kan innvilgast på kort varsel, seier Garrido, som har jobba med film- og TV-produksjon fram til no.
Det er mange å bli kjend med. Her helsar Garrido på råduhusforvaltar Vidar Fyllingsnes.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal81 menn – 5 kvinner
Den siste tida har 26-åringen vore med i utval for finans, kultur og næring i bystyret.
Sjølv er ho oppteken av at ho er medlem av eit parti som er feministisk og antirasistisk.
Ho trekkjer fram både at ho er kvinne og at ho har fleirkulturell bakgrunn som viktig.
– Eg trur det er godt for Bergen å ha to kvinner som ordførarar. Totalt har det vore 81 menn og 5 kvinner tidlegare, seier Garrido.
«Raus, klok og fornuftig»
Ordførar Linn Kristin Engø meiner dei unge i politikken bør ha ei audmjuk tilnærming, men understrekar at alder ikkje er sentralt.
– Eira blei ikkje valt av bystyret på grunn av alderen sin, men fordi ho er ei raus, klok og fornuftig kvinne. Først og fremst er me her for å ta vare på innbyggarane i Bergen og dei som hast stemt på oss.
Garrido på si side meiner ho har mykje å koma med i politikken.
– Me er ein mangfaldig by, og det er viktig at bystyret representerer befolkninga. Eg meiner eg har gode bidrag med perspektiva eg har med meg.
No frir ho til alle som vil ha ein prat med den nye varaordføraren
– Timeplanen min er førebels heilt tom, så det er berre å ta kontakt!