Hopp til innhold

Eingongsgrillar får skulda for fleire brannar i heile Sør-Noreg

15. april vart det innført generelt bålforbod. No vil Brannvernforeninga også ha forbod mot eingongsgrillar.

Brann gloppen 4

EKSPLOSIV BRANN: 400.000 kroner i innsamla midlar og 1200 dugnadstimar kosta brannen i Trivselsskogen på Sandane.

Foto: Øyvind Huus

– Det vart ei dyr pølse, for å seie det slik.

Det seier Knut Roger Nesdal, som er dugnadsansvarleg i Trivselsskogen i Nordfjord.

I det populære turområdet gjekk i fjor fire gapahukar opp i røyk på grunn av ein eingongsgrill.

Sidan har det vore forbod mot eingongsgrill i turområdet.

Meterologane heva denne veka farenivået for gras- og lyngbrann til oransje nivå fleire stader i landet.

Knut Roger Nesdal

GIR BESKJED: Campen har tre forbodsskilt. – Når det første eg ser er folk som pakkar opp eingongsgrill, så gir eg beskjed. Det respekterer dei, seier Knut Roger Nesdal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Før det har blitt skikkeleg grønt, tørkar det fort ut i gamal, daud vegetasjon, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane til NRK.

15. april vart det innført generelt bålforbod i landet. Likevel, berre på Sørlandet sløkka brannvesenet meir enn 20 brannar førre veke.

Fleire stadar skal eingongsgrillar vere grunnen til brannane.

I Førde brann kiosken ved Sunnfjord skisenter ned.

I ein søppeldunk inntil veggen på utsida fann politiet ein eingongsgrill.

Brann Blomlia skisenter

SKISENTER: I påska fekk kiosken til Sunnfjord skisenter i Vestland store skader grunna eingongsgrill som var kasta i søpla.

Foto: Magnus Midtun

Vil stoppe sal av eingongsgrillar

Det er over 30 år sidan den første eingongsgrillen vart tent i Noreg.

Seinast i fjor bad Norsk Brannvernforening handelsstanden om å stoppe sal av eingongsgrillar.

Butikkjedene Spar og Joker stansa salet i 2018.

Direktør Rolf Søtorp i Brannvernforeninga meiner eit forbod er einaste løysing for å få bukt med brannane.

– Avhengig av kor utbrent innhaldet er, så erfarer vi at det trengst så mykje som fem liter vatn for å sløkke ein eingongsgrill, seier han.

Laster Twitter-innhold

– Eingongsgrillen er lett å ty til

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har ikkje statistikk på kor mange brannar eingongsgrillen startar.

Heller ikkje forsikringsbransjen har tal som viser skadane.

Ved rett bruk er eingongsgrillen trygg. Men fellene er mange, og farane fleire, når vårsola tørkar skogbotn, smeltar fram tørt gras og opnar for fotturar i skog og mark.

Torill Anita Segtnan

ÅTVARAR: – Alle har ei allmenn plikt til å passe på at ting ikkje fører til brann. Det betyr at når ein tenner opp bål eller grill, så skal det vere greitt med middel å sløkkje det med, seier Torill Anita Segtnan.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

I Sogn brann og redning har leiar for førebyggande avdeling, Torill Anita Segtnan, hatt hektiske dagar med å få ut skilt som åtvarar turgåarar i Sogndal, Luster og Vik.

– Vi finn eingongsgrillar i avfallsbehaldarar, i terrenget, på treplattingar og kaikantar. Brannfaren er reell, seier ho.

Stor varme både under og i grillen gjer at også området rundt grillen bør dynkast.

– Eingongsgrillen er lett å ty til når det vårast som no. Men vi rår frå det.