Hopp til innhold

Einebustad med jaktammunisjon brann, ingen vart skadd

Det var ikkje folk i huset i Lindås då det byrja å brenna. Brannvesenet har no henta ut ammunisjonen, men røykdykkarane måtte trekka seg ut.

Einebustad brann på Ørnetua ved Vågseidet i Lindås.

KONTROLL: Brannvesenet har no kontroll på brannen, men andre etasje er truleg totalskadd.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Brannvesenet melder no at dei har kontroll på brannen.

Klokka 12 melde dei at røykdykkarane måtte avslutta sløkkearbeidet innvendig av omsyn til sin eigen tryggleik. Sløkkinga av brannen i Lindås skjer no berre frå utsida.

– Det er på veg folk som skal vurdera skadene i første etasje, men det ser ut som den etasjen er ganske uskadd, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen.

– Då eigaren av huset kom til staden, forklarte han kvar ammunisjonen var lagra i første etasje. Dermed kunne brannvesenet henta ammunisjonen ut, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Evakuert

Huset er overtent og sløkkinga er i gang. Alle naudetatane er på staden. Det brenn i andre etasje i huset.

– Det er ikkje meldt om at brannvesenet har kontroll på brannen, men det skal ikkje vera fare for spreiing, sa Thue klokka 12.

NABOAR EVAKUERT: Ein einebustad i bustadfeltet Ørnetua er i full fyr ved Vågseidet i Lindås i Nordhordland. Jaktammunisjon som var lagra i huset er no tatt ut.

Like etter at brannen vart meld klokka 11.10 fortalde Hartvigsen at naboar var evakuert frå staden fordi det var lagra jaktammunisjon i huset.

Opplysningane om ammunisjon hadde politiet fått frå huseigaren.

Det vart oppretta ei tryggleikssone på 100 meter rundt brannstaden.

– På grunn av problem med vasstilførselen vart det kalla inn ekstra tankbilar, seier Hartvigsen.

Huset ligg i det relativt nye bustadområdet Ørnetua ved Vågseidet, omlag midtvegs mellom Knarvik og Mongstad.