Hopp til innhold

Einebustad totalskadd i brann – overtent på kort tid

På kort tid var einebustad i Kvinnherad overtent. No er huset nedbrent.

Brann Sunde Kvinnherad

Eit hus brann ned til grunnen i Kvinnherad i natt.

Foto: Kvinnherad brann og redning

Klokka 03.20 natt til torsdag fekk brannvesenet melding om røykutvikling i kjellaren på eit bustadhus på Sunde i Kvinnherad.

– Under kontakten med meldar spreidde brannen seg raskt, fortel operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.

Lokal innsatsleiar Thomas Hallquist i Kvinnherad brann og redning, fortel at han var første bil på staden.

– Då eg kom fram var det allereie flammar ut av vindauga i første og andre etasje, og over taket. Så det gjekk utruleg raskt, fortel han.

Lite igjen av hus i Sunde Kvinnherad. Brann ned til grunnen

Berre restane er igjen av eit hus på Sunde i Kvinnherad. Huset var overtent då brannvesenet kom til staden.

Foto: Kvinnherad brann og redning

På dette tidspunktet hadde dei kontroll på personane i huset, og dei visste at ingen var inne i det overtente huset.

– Huseigar kom seg heldigvis ut i tide, seier Hallquist.

Han skal ikkje ha fått i seg røyk.

Kraftig vind i området gjorde sløkkjejobben vanskeleg, og ein periode frykta brannvesenet at brannen skulle spreia seg til nabohus.

Fire bebuarar i andre hus i området vart difor evakuerte.

Når NRK snakkar med innsatsleiaren rett etter klokka 6 har dei kontroll på staden.

Dei driv med ettersløkking, og fleire brannbilar har returnert.

– Men huset er totalt nedbrent, seier Hallquist.

Ein einebustad på Sunde i Kvinnherad brann ned til grunnen i natt.