Hopp til innhold

Familie på seks mista huset i brann

Var ikkje heime då flammar slukte huset deira i natt.

Bustadhus på Voss i fyll fyr desember 2015

OVERTENT: Slik såg det ut brannmannskapa kom fram til bustadhuset i Kytevegen aust for Voss sentrum. No har brannvesenet kontroll, men huset er totalskadd i brannen.

Foto: VOSS BRANNVERN

Det var i 00.30-tida i natt at meldinga om bustadbrannen på Kyte, aust for Voss sentrum, kom inn til naudetatane.

– Når vi kom fram var det opne flammar over hustaket og ut begge gavlane. Huset var heilt overtent, fortel brannsjef David Skjerven i Voss kommune.

Brannvesenet rykte ut med totalt 13 personar.

Fare for spreiing

Kraftige vindkast gjorde sløkkingsarbeidet krevjande for mannskapa, fortel Skjerven. Eit bustadhus som står tett på huset det brann i var lenge i stor fare for å også bli påtent, men dette klarte brannmannskapa å unngå.

Det var naboar som meldte frå om den kraftige brannen. På adressa bur det to vaksne med fire barn.

Til å byrja med var det usikkert om dei var i huset, men politiet fekk raskt tak i huseigar på telefon etter hjelp frå naboane. Huseigar kunne bekrefte at familien på seks ikkje var heime på Voss.

- Naboane gjorde ein kjempegod innsats, mellom anna med å hjelpe oss med nøyaktig adresse og informasjon. Men det var ingenting dei kunne gjera med den kraftige brannen, og dei fekk beskjed også om å ikkje prøve å ta seg inn i huset, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet.

Bustadbrann på Voss i Kytevegen

På grunn av kraftig vind frykta brannmannskapa at brannen skulle spreie seg til bustadhuset i nærleiken.

Foto: VOSS BRANNVERN

Totalskadd

Det er førebels for tidleg å slå fast kva som var årsaka til at det byrja å brenna i huset. Klokka 05.00 fortel brannsjefen på staden at dei har kontroll og at brannen er sløkt.

– Me driv ettersløkking og vi har også sendt noko av mannskapet tilbake til stasjonen, fortel Skjerven.

Politiet vil koma tilbake til branntomta i Kytevegen når det er dagslys og temperaturen er låg nok til at dei kan starta etterforsking.

Under slukkinga var det også trøbbel med vassforsyninga. Brannvesenet forsterka styrken med ein tankbil frå stasjonen i Granvin.

einebustad i brann voss