Hopp til innhold

Ein vond rygg snudde alt

STRYN (NRK): Ein vond rygg kan vere både slutten og starten på eit arbeidsliv. Etter ei årrekkje som møbelsnikkar, og fleire år som ufør, sette Stig Brobakke seg på skulebenken att i ein alder av 47 år.

Stig Brobakke

STUDENT: 30 år etter at han sist var på skulen, tok Stig Brobakke frå Stryn fatt på nye studier i nabokommunen Volda. Neste år er han ferdig utdanna sosionom.

Foto: Privat

Men vegen frå møbelsnikkar til sosionom er lang.

– Det er heilt forferdeleg. Du mister heile livet. I tillegg har du voldsomme smerter, seier Stig Brobakke om tida som ufør og utan arbeid.

Ei tid då han ikkje hadde bruk for vekkarklokka, for han skulle ikkje på jobb. Med hendene viser han korleis ryggvirvlane pleidde å gnisse mot kvarandre.

– Eg fekk meir smerter til meir eg bevegde meg, seier han.

Full stopp

Stig Brobakke

FØLER SEG FRISK: Stig Brobakke seier at ryggen ikkje er som den var før, men at han er mykje betre.

Foto: Silje Guddal / NRK

Møbelsnikkaren var aktiv, med fotball og fjellturar, men med ein stadig vondare rygg. Til slutt var det stopp.

– Når ein merkar at kroppen ikkje fungerer, er det klart at det er ein nedtur, seier Brobakke.

Langtidssjukmeldinga gjekk over i uføretrygding, i ein alder av 40 år. Om lag berre halvvegs i eit yrkesaktivt liv. Men etter fem år utanfor arbeidslivet, kom ein ny fastlege og ein ny operasjon.

– Ryggen toler ikkje det den tolte før, men samanlikna med kor dårleg eg var, så seier eg at eg er frisk att no.

– Hugsar du kva du tenkte då du skjønte du kom til å klare å gå på jobb igjen?

– Det var sterkt, og at det kanskje er håp likevel. Kanskje slepp eg å berre eksistere, men få igjen livet på ein måte, seier han.

Ny retning

Geir Ueland

STAKAR UT VEGEN VIDARE: Dagleg leiar Geir Ueland i In Via hjelper folk å finne passande arbeid.

Foto: Silje Guddal / NRK

Men å vere snikkar gjekk ikkje. NAV sende han til In Via, tidlegare Sandane Industri, som arbeider med å få folk tilbake i jobb. Om lag 75 personar får til ei kvar tid hjelp til å stake ut vegen vidare.

– Fellesnemnaren er at dei har ei eller anna slags utfordring knytt til arbeidslivet. Dei kan slite i den jobben dei har i dag, eller vere utanfor arbeidslivet og ønskje å kome inn att, seier dagleg leiar Geir Ueland.

Fabrikken som var utgangspunktet for starten av Sandane Industri tilbake i 1963, vart nedlagt i 2008. In Via rettar seg no mot alle typar bedrifter.

– No er det det ordinære arbeidslivet vi brukar. Vi finn moglegheiter hos ulike typar verksemder ut ifrå kva deltakaren ønskjer, forklarar Ueland.

For mange betyr det ein heilt annan jobb enn den gamle. Ei ny retning. 47 år gammal vende Stig Brobakke nasen nordover, mot Høgskulen i Volda og sosionomstudium.

30 år sidan førre skuletime

– Det var spennande. Eg hadde ikkje gått på skule sidan ungdomsskulen, fagbrevet som møbelsnikkar tok eg som lærling. Det har vore ein kjempestor overgang, seier Brobakke.

Eitt år med førelesingar står att før han kan gå tilbake til arbeidslivet. Håpet er å få ein jobb der han kan hjelpe andre tilbake i arbeid.

– Eg ser at det er små marginar, tilfeldigheiter avgjer om ein blir sitjande heime og er sjuk eller om ein kan yte noko. Det er svært store forskjellar frå det eine til det andre, seier studenten.