Hopp til innhold

Ein vêrpause er i sikte, men han blir kort

Etter ei veke med hardt vêr får deler av landet ein «pause» på laurdag. Frå søndag er det på-an igjen.

Opplett i kinsarvik

OPPLETT: I Kinsarvik kan det bli eit lite opphald i ruskevêret.

Foto: Andrea A Krüger / NRK

Etter ei våt veke vil deler av landet få ein pust i bakken, men lang blir han ikkje.

– No roar det seg litt etter «Gyda», seier statsmeteorolog Unni Nilssen.

Ho lover opplett «dei aller fleste plassar på Vestlandet» i kveld og fram til laurdag formiddag.

– Eit lite vêrvindauge der altso, smiler Nilssen.

Ho legg til at det elles «ser rimeleg greitt ut» for Aust- og Sørlandet.

I Finnmark kan folk vente seg godt vêr på søndag.

Mykje vind og nedbør

Elles er vêrbilete er temmeleg uroleg, og frå søndag vil Vestlandet slutte seg til Nord-Noreg og få mykje vind og nedbør.

Søndag vurderer meteorologane om dei skal sende farevarsel om vind i Møre og Romsdal, Trøndelag og i fjella nord for Dovre.

Vinden kjem òg til å ta godt tak oppover mot Nordland.

Men: Den komande veka kjem det stadig nye lågtrykk inn frå vest og dermed er det regn i vente frå Bergen i sør til Lofoten i nord.

Laster Twitter-innhold

Vind i fjellet

Det heng att litt vind i fjellet enno men det skal dabbe av i ettermiddag tryggar meteorologen.

Men kvelden kan by på vanskelege køyreforhold for meteorologane har send ut eit gult farevarsel om snøfokk i fjella i Sør-Noreg.

Varselet gjeld ut over fredags kvelden.

Vurderer framleis skredfaren

Hjå NVE er framleis etterdønningane av «Gyda» høgst gjeldande.

– I vår tid har vi aldri meldt om så stor fare for skred, sa Aart Verhage, regionsjef i NVE, til NRK på onsdag.

I morgon vil skredfaren roe seg noko, men berre nok til at hydrologane vurderer å redusere frå faregrad 4 til 3, som tyder betydeleg eller moderat skredfare.

Den som absolutt vil ut på ski, må sjekke varsla nøye og halde seg i trygge område, seier Solveig Korsberg i NVE.

– Det blir betre skihelger, seier ho.

Laster Twitter-innhold