Hopp til innhold

Ein person til sjukehus etter trafikkulukke

Ein person er sendt til sjukehus etter ei trafikkulukke på fylkesveg 614 i Flora kommune.

Trafikkulukke ved Grovastøylen

STORE SKADAR: Bilen som køyrde av vegen har fått store skadar.

Foto: TRULS KLEIVEN

Ein bil har køyrd av vegen på fylkesveg 614 ved Grovastøylen i Flora kommune. Føraren var åleine i bilen og er sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet opplyser at det er svært glatt på staden.

– Vi er ferdige på staden no, og det står berre att å snakke med førar. Det blir ikkje gjort i dag, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Rimmen.

Trafikkulukke ved Grovastøylen

BILBERGAR: Bilen som køyrde av vegen er plukka opp av ein bergingsbil.

Foto: TRULS KLEIVEN