Hopp til innhold

To har mista livet under dykking i Krakhellesundet på få veker

Ein dykkar frå Belgia omkom i ettermiddag under dykking i Krakhellesundet i Solund. Det er andre gang på få veker at det skjer ei dødsulukke under dykking på denne staden.

Krakhellesundet

NY DØDSULUKKE: For andre gong sidan september har det vore ei dødsulukke i samband med dykking i Krakhellesundet i Solund.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi fekk melding klokka 13.02 om ei dykkarulukke i Krakhellesundet i Solund. Det vi har fått opplyst er at det var tre personar i eit følgje i eit dykk der den eine fekk problem. Vedkomande blei teken på land, men gjenoppliving lukkast ikkje, seier lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund, Ivar Holmaas, til NRK.

Det er andre gang på få veker at ein dykkar frå Belgia døyr i ei dykkarulukke i Krakhellesundet.

Var gjester på dykkarsenter

Dei belgiske dykkarane hadde tilhald på Gulen dykkarsenter, som har svært mange utanlandske dykkarturistar heile året. Også i september var det ein dykkar som var gjest på dykkarsenteret som omkom.

– Vi konstaterer at det har vore to tragiske hendingar på kort tid og det gir jo grunn for at vi vil etterforske dette og sjå om det er grunnlag for å vurdere sjølve dykkeplassen, seier lensmannen.

– Ein tragedie

Dei involverte i ulukka er no frakta tilbake til dykkarsenteret der dei blir tekne hand om av senteret sine folk, samt politiet og folk frå kriseteamet i Gulen kommune.

– Det er ein tragedie og det går naturleg nok sterkt inn på dykkarane og dei som driv dykkarsenteret, seier Holmaas.

Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, blei i ettermiddag orientert om dødsulukka.

– Det er tragisk at det skjer ei ny dødsulukke så kort tid etter den førre. No vil eg avvente politiet si etterforsking før eg kommenterer saka noko meir, seier Mongstad.

Får hjelp av kriseteamet

–Det er trist å få slike beskjedar, seier Hallvard Oppedal, som er ordførar i Gulen.

Ulukka skjedde i Solund, men sidan dykkarane har tilhald på dykkesenteret i Gulen, er det det kommunale kriseteamet i Gulen som tar seg av resten av dykkarane som har vore involverte i ulukka.

– Det kommunale kriseteamet er på plass på dykkesenteret, der dei tar seg av og støttar resten av dei som var i følget til den omkomne dukkaren, seier Oppedal.