Hopp til innhold

Mann arrestert etter knivstikking i Bergen

Ein person blei knivstukken og to personar forsøkt rana på Torgallmenningen i Bergen i kveld.

Bråkande ungdommar på Torgalmenningen

RAN OG KNIVSTIKKING: I området ved Torgallmenningen i Bergen blei to personar forsøkt rana og ein person knivstukken søndag kveld.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Politiet fekk kl. 18.05 først melding om eit personran, kort tid etterpå fekk kom det melding om at ein person var knivstukken.

Litt etter kl. 21.30 melde politiet på Twitter at ein mann i 20-åra er arrestert, sikta for minst ei av dei to hendingane. Pågripinga skjedde utan dramatikk, ifølgje politiet.

– Han blir knytt til knivstikkinga. Det er mykje som tyder på at beskrivinga passar til den gjerningspersonen som har utført ransforsøk på to personar, operasjonsleiar Tatjana Knappen

Politiet ser likevel ikkje vekk frå at det kan dreie seg om to gjerningspersonar.

Hendingane skjedde i same område og med kort tids mellomrom.

– No blir det prioritert å gjere kriminaltekniske undersøkingar som kan knyte gjerningspersonen til hendingane. Det vil bli så gjort avhøyr for å bekrefte eller avkrefte at han er knytt til ransforsøk, seier Knappen.

Også natt til laurdag var det ran i Bergen.

Politiet avhøyrer vitne etter hendingane søndag kveld.

– Vi vil prøve å avhøyre den skadde, men han må behandlast. Men vi har også to vitne som fysisk uskadde, som vi no avhøyrer, seier operasjonsleiaren.

Den skadde var medviten då han blei frakta til Haukeland sjukehus.

– Utover det kan eg ikkje kommentere skadegrad, seier Knappen.

Politiet ber eventuelle vitne om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Laster Twitter-innhold