Det var kl 20.50 at helikopteret av typen Eurocopter AS350 styrta på Kolsåstoppen.
Det var sju personar om bord i helikopteret då det gjekk i bakken. Ingen vart sitjande fastklemt, seier operasjonsleiar Per Berntsen ved Asker og Bærum politidistrikt til NTB.
Helikopteret var ute på ein rundflyging i samband med eit arrangement. Det skal ha krasja rett inn i fjellveggen, og vitne seier dei såg sterk røykutvikling.
Foto: Scanpix
Stor røyksky
Bernt Lie, som bur like ved den tidlegare NATO-basen på Kolsås, seier til NTB at han høyrde lyden av eit helikopter, og at han like etterpå høyrde ein kraftig smell.
- Då eg gjekk til vindauget så eg berre ei stor røysky, nesten som ein atomsopp, seier han.
Helikopteret krasja ikkje inn i sjølve Kolsåstoppen på 330 meter over havet, men ein lågare topp rett bak den tidlegare NATO-basen.
Ifølgje Lie mangla helikopteret berre nokre få meter på å gå klar av fjellveggen.
Størst i Norden
Airlift, med hovudbase i Gaular, er Nordens største helikopterselskap på fastlandet med ein flåte på 26 helikopter og 120 tilsette, ifølgje selskapets heimeside. Selskapet er det einaste som opererer redningshelikopter på statleg kontrakt. Airlift har også kontrakt med Sysselmannen på Svalbard om helikoptertenesta på øygruppa.
Foto: Scanpix