Hopp til innhold

Éin mistenkt etter livsfarleg forbikøyring på E16

Forbikøyringa har skapt enorme reaksjonar i sosiale medium. No har politiet funne den dei trur køyrde bilen.

Denne videoen ble fanget på E16 ved Vinje.

SJÅ VIDEO: Det var berre centimeter frå ei stygg ulukke på E16 ved Vinje i helga.

Den stygge forbikøyringa på E16 i helga har fått både folk og Utrykkingspolitiet til å reagere.

Det var søndag føremiddag at Egil Isdal kom køyrande på vegen mellom Vinje og Voss.

Plutseleg kom det ein bil i stor fart mot han i same køyrefelt.

– Dette var rett og slett ei heilt vill forbikøyring, sa Isdal til NRK søndag ettermiddag.

Skapte reaksjonar

Den hårreisande manøveren blei fanga av Isdal sitt dashbordkamera og sidan lagt ut i ei facebookgruppe.

Og reaksjonane let ikkje vente på seg.

– Dette er skremmande og svært egoistisk. Slike sjåførar har ikkje tanke for andre enn seg sjølv, sa distriktsleiar for utrykkingspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes, til NRK på måndag.

Politiet har etterforska saka. No har dei funne den dei trur køyrde bilen.

– Vi har eit namn på blokka, men vi kan førebels ikkje seie at saka er oppklart, seier Bjørn Inge Aarsand, politioverbetjent hjå lensmannskontoret på Voss.

På sosiale medium har videoen skapt mykje engasjement, som på NRK sine Facebook-sider:

Har funne bil og bilist

Politiet meiner no dei har funne både bilen og bilisten. Ein person har status som mistenkt, stadfestar politiet på Voss til NRK.

– Det byrjar å teikne seg eit bilete for oss. No jobbar vi med eitt spesifikt køyretøy og har namn på ein person som vi trur står bak forbikøyringa, seier Aarsand.

Bjørn Inge Aarsand

HAR EIN MISTENKT: Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor.

Foto: Egil Torheim / NRK

Av omsyn til etterforskinga vil han ikkje seie så mykje meir om den mistenkte.

– I løpet av veka har vi fått fleire tips frå vitne. Det er summen av vitneopplysingar og eiga etterforsking som gjer at vi no kan kome vidare i saka, seier han.

Politiet vil halde fram med etterforskinga i helga.