Hopp til innhold

Ein labb i posten løyste 20 år gammalt ulvemysterium

Etter 20 år er mysteriet om den «symjande ulven i Fimreite» endeleg løyst. Ein ulvelabb i posten frå ein ukjend sendar var det som skulle til.

Ulvelabb

LABB I POSTEN: Denne ulvelabben fekk naturoppsynsmann Rein-Arne Golf i posten.

Foto: SNO-rovviltseksjonen

Historia byrjar på seinsommaren i 2001 då det vart funne sju hardt skadde sauar i dåverande Leikanger kommune i Sogn og Fjordane.

Statens naturoppsyn har sidan 2001 vore usikker på kva det var som hadde skada sauane. Skadane og vitnesbyrd tyda på at det var snakk om ein ulv, men han var i så fall sporlaus forsvunnen.

Det har dermed lenge vore eit mysterium om det faktisk var snakk om ein ulv, og kor denne ulven skal ha tatt vegen.

Mysteriet er no endeleg blitt løyst, og det med hjelp av ein anonym innsendar. Etter å ha lyst ut meldingar til heimlege i Fimreite fekk Statens naturoppsyn Vestland ein labb i posten. DNA-prøver fekk stadfesta at labben kom frå ein ulv.

Ulovleg felling

Sjølv om det har vore rovdyr som har streifa over fjella inn mot dalstrøk i Vest-Noreg før, er ikkje ulv akkurat eit kvardagssyn her.

– Dette var jo tidleg i etableringa av ulv i Skandinavia, så alt som kunne seie noko om retur av ulv til Noreg var av stor interesse for oss, fortel naturoppsynsmann Rein-Arne Golf.

Først vart det gitt fellingsløyve til sankelaget i Leikanger, men dei fann ingen ulv.

Like etter sveiv rykta om at ein ulv hadde blitt observert symjande over til Fimreite på andre sida av fjorden.

Her stoppa like fullt funna.

Makta ulven å flykte? Eller vart ulven skoten?

Fellingsløyvet var berre gitt til laget i dåverande Leikanger kommune.

Ein skoten ulv på andre sida av fjorden ville med andre ord ha vore ei straffbar handling.

Ulv i Leikanger?

ULV? I NRK-saka frå 2001 var ein rimeleg sikker på at det måtte vere snakk om funn av ein ny ulv i Sogn og Fjordane.

Foto: Faksimile / NRK

Ulven måtte vere skoten

Skru tida 20 år fram og naturoppsynsmannen Golf er attende i Fimreite, utan evne til å leggje denne uløyste ulvesaka frå seg.

Foreldingsfristen på saka var gått ut for mange år sida.

Golf hadde fått høyre om ei bu med namnet ulvebua her i Fimreite. Han fekk også nyss i rykte som vitna om at ulven vart skoten her og at jegerane hadde halde dette for seg sjølve.

– Eg rekna med at viss nokon hadde skoten ein ulv her i 2001 så var det sannsynleg at dei også hadde tatt vare på noko som eit minne. Det måtte vere noko ein eller annan plass, fortel Golf.

Under eit ærend i Fimreite denne vinteren tok så naturoppsynsmannen tak. Han melde frå til ein lokal at det skulle vere interessant å få løyst opp i denne gåta – at foreldingsfristen var ute og berre ein liten bit av ulven ville gjere seg.

Rein Arne Golf

LØYSTE GÅTA: Rein-Arne Golf frå rovviltseksjonen i Statens naturoppsyn Vestland fekk løyst opp i ulvegåta frå 2001.

Foto: Johan Moen / NRK

Ulvelabb i posten

Ikkje lenge etter får Golf ei pakke med meir enn han hadde ønska: Ein gammal, heil labb.

Eitt lem i så god stand burde ikkje vere vanskeleg å få gode data frå.

Prøva kom tilbake og mysteriet vart endeleg løyst:

Det var ein ulv. Ulven vart berre eitt år gammal, han var svensk og hadde vandra over 450 kilometer frå Hasselforsreviret i dei svenske skogane.

– For oss var det flott å få løyst opp i dette mysteriet ein gong for alle og få slått fast at det faktisk var ein ulv, fortel Golf.

Ulvelabben

FRÅ SVERIGE: DNA-funn kunne stadfeste at ulven stamma frå eit skogrevir sør i Sverige.

Foto: SNO-rovviltseksjonen

Historisk utrydda

Ulven frå 2001 er dermed den første i området sidan den legendariske «Naustdalsulven» vart skoten i 1950.

Ulven har nemleg lenge vore rekna som utrydda i Sogn og Fjordane.

Folk trudde ikkje sine eigne auge då fetrane Henrik og Dagfinn Berg kom berande med ein hannulv på ryggen ned til garden i Naustdal i 1950.

Dagfinn og Henrik Berg med Naustdalulven i 1950

«NAUSTDALSULVEN»: Dagfinn og Henrik Berg rekna med at ingen ville tru dei om dei berre fortalde om hendinga. Difor bar dei det velvaksne dyret på ryggen til gards.

Foto: Dagfinn Reiakvam

I 2015 laga ein ny «Naustdalsulv» oppstyr i Sunnfjord. Han vart skoten i same bygd etter å ha forsyna seg av over 150 sauar.

Ein annan svensk hannulv med namnet «Lucky» rundlurte jegerane i to år før han vart skoten tidlegare i år. Då hadde han over 350 sauar på samvitet og tangert rekorden som den lengstlevande ulven utanfor ulvesona.

Naturoppsynsmannen er litt overraska over at ulvane finn seg til rette i fjellområda her.

– Dei skandinaviske ulvane er opphavleg skogsulvar, så når dei møter langfjella vil dei som oftast snu. Når det er sagt er det jo gode leveområde med tette hjorteviltbestandar her. Og no har me jo hatt tre ulvar i nyare tid som har kome til Sogn og Fjordane, seier han.