Ein krane stogga ammoniakkutsleppet

Ein krane var det som skulle til for å stogge ammoniakkutsleppet på Fosshaugane Campus.

Ammoniakkutslepp på Fosshaugane Campus

TETTA: Ammoniakklekkasjen på Fosshaugane Campus er no lokalisert og tetta. – Det står att utlufting av bygningar før dei eventuelt kan takast i bruk att, melder politiet på Twitter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eksperthjelpa trengde ikkje lange tida på å få stengt ammoniakkutsleppet i Sogndal.

Kort tid etter at han var komen til bygda, var lekkasjen stogga.

– Han har bygt anlegget og kjenner alle detaljar. Her var veldig mange kranar, og før han kom hadde vi stengt over 20 kranar. Han lokaliserte nærare og fekk stengt den rette kranen. Då fekk vi også stengt lekkasjen, seier brannsjef Vidar Trettenes.

150–200 evakuerte

Lekkasjen skjedde i 10-tida fredag i fjernvarmeanlegget som skal varme opp og avkjøle Fosshaugane Campus. Mellom 150 og 200 personar vart evakuerte medan brannvesenet jobba på spreng for å få kontroll på lekkasjen.

Trettenes seier det har vore ein krevjande jobb.

– Det var veldig mange kranar, og sjølve holet der gassen kjem ut kan ein ikkje sjå. Ein kan berre kjenne det. Det er så vanskeleg å komme til, seier han.

– Må lufte ut

Det står framleis att ei mindre mengde ammoniakk i røra, og ein arbeider no med å få tømt dette. Ein kan førebels ikkje seie kvifor lekkasjen skjedde, eller kor mykje ammoniakk som har kome ut.

Det er framleis uvisst når bygningen kan takast i bruk att.

– Vi vil nok snart ta be dei som styrer med bygget starte ventilasjonen så får lufta ut der det framleis er lukt inne. Det var ein del rom som hadde betydeleg lukt. Anlegget kan ikkje takast i bruk før det er reparert att, seier Trettenes.

Etterlyser hovudkran

Brannvesenet vil no trappe ned sin eigen innsats på staden.

– Vi prøver å få avvikla vår innsats etter kvart og sikre at ikkje er meir lekkasje i samarbeid med teknikar. Sperre av bygget og det tekniske rommet med politiet, så vil eventuelt politiet sine teknikarar vere med å sjå på saka, seier Trettenes.

– Går det an å trekkje noko førebels konklusjon etter det som har skjedd?

– All den tid vi ikkje veit årsaka til dette, så er det mest openberre at ein burde hatt moglegheita for å stengje ei form for hovudkran. No er det vi som har tilsynsansvar og vi vil ta kontakt med objekt for å sikre oss eit forsvarleg system.