Hopp til innhold

Der ingen skulle tru at nokon kunne spele konsert

Då pop/jazz-bandet Askeladden skulle halde konsert i havgapet valde dei ein sær konsertplass – nemleg Litle Færøy i Solund, øya "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Litle Færøy

IDYLL: Publikum kjem sjøvegen for å høyre Askeladden spele konsert på Litle Færøy, i låven i bakgrunnen til venstre

– Den nye singelen vår, "Huldra" er ei låt som er ganske vill i uttrykket, difor måtte vi finne ein plass som passa til songen. Eg tenkte på ein plass som er langt borte frå folk og som er ganske eksotisk og idyllisk. Eg snakka med Roar Moe, om å få ha konserten her, på Litle Færøy.

Askeladden er ein trio som spelar pop og jazz musikk, og denne laurdagen inviterte dei til eksklusiv release- konsert i ein låve heilt ytst i havgapet. Det var berre plass til 40 gjestar, der målet til bandet var å gi publikum ei konsertoppleving utanom det vanlege, samt å sleppe deira nyaste singel; "Huldra".

Framme i låven står trioen og spelar musikk med fart i, bak har dei rigga til med bar, og middagsservering. Ifølgje publikum var stemninga var heilt spesiell. Anne Marie Gåsvær Færøy var imponert over arrangementet.

– Konserten var utruleg bra, det er fantastisk korleis dei kan få til noko slikt her ute. Det er jo ein intimkonsert, og å få vere med på dette var luksus.

Torstein Mongstad er bassist i bandet, og er oppvaksen i Solund. Han seier konserten var ein sprø ide dei kom opp med når dei laga den nye låten.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STEMNING: Askeladden skapte god stemning med musikken sin på Litle Færøy. Frå venstre: Simon Kleppe Røskeland, Johannes Aadland og Torstein Mongstad

Roar Moe, som er kjend frå TV-programmet, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" tente på ideen med ein gong.

– Det å ha ein konsert her ute er midt i blinken, eg er kjempeglad for å få ha ei slik flott kultur- happening her på øya. Her har vi ein idyllisk natur, og når vi kan kombinere dette med kultur, båtliv og konsert så får publikum ei fantastisk oppleving.

LES OGSÅ: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Både bandet og Roar Moe legg ikkje skjul på at det vart mykje krevjande organisering for å få til ein slik konsert. Instrument, lyd og lys utstyr skal fraktast ut med båt, og 40 publikummarar skal få servert mat og drikke på ein aude plass.