Hopp til innhold

Ein forbetra kystveg kan koste opp mot 30 milliardar

FØRDE (NRK): Statens vegvesen la torsdag fram ulike forslag til korleis kystvegen kan byggast.

Differanse frå billigast til dyrast

DIFFERANSE: Dei ulike kombinasjonsforslaga varierer i pris.

Foto: Statens Vegvesen

Kommunane i Sogn og Fjordane fekk ein presentasjon av den tenkte kystvegen. Statens vegvesen har vurdert vegen i fem ulike delstrekningar. Det er totalt 72 moglege kombinasjonar ein kan gå for. Dei har arbeidd fram seks kombinasjonsvariantar, der ein kan sjå at den billigaste løysinga vil komme på om lag 19,7 milliardar og den dyraste på 30,7. Kostnadane har ei uvisse på pluss/minus 40% ifølge prosjektleiaren.

Kryssing av Nordfjorden

Eit område som har vore diskutert er den nordlegaste delen av kystvegen, kryssinga av Nordfjorden. Prosjektleiar i Statens vegvesen la fram tre ulike moglegheiter.

Kryssing av Nordfjorden

TRE MOGLEGHEITER: Det er stor diskusjon rundt kva som blir det beste for folk. Det grøne alternativet vil koste over sju milliardar.

Foto: Statens Vegvesen
Prosjektleiar Silje Aalebu

PROSJEKTLEIAR: Silje Aalbu har jobba fram dei ulike moglegheitene i kystvegen.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Vi har sett på dei same traseane for brukryssing eller ferje over nordfjorden som har blitt lagt fram tidlegare, seier prosjektleiar Silje Aalbu i Statens vegvesen.

Alle løysingane inneheld ei forbetring av fylkesveg 61 frå Bryggja til Naveosen. Det er stor skilnad i pris på dei tre alternativa dei la fram.

– Total kostnad på bruløysinga i indre delar med vegutbetring og bru vil komme på 7,3 milliardar. Den billigaste løysinga er ei ferje i ytre delar som vil koste 1,3 milliardar. Brukryssing ved Almenningen og Tongane-Biskjelneset vil komme på 4–5 milliardar, seier Silje Aalbu.

Meiner det ytre alternativet er det beste

Kristin Maurstad

YTRE ALTERNATIV: Ordførar Kristin Maurstad trur bru eller ferje i ytre nordfjord vil vere det beste.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordførar i Vågsøy meiner den beste og mest realistiske løysinga er eit av alternativa med bru eller ferjekrysning i ytre del av Nordfjorden. Men ho vart overraska over at det vil bli så kostbart som Statens vegvesen antyda.

– Eg har full forståing for argumenta til dei som bur i dei indre delane av kommunen. Men om vi ser litt større på det, trur eg ei ytre krysning vil vere det beste, seier ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad.

Kommunane får høve til å komme med innspel til Statens Vegvesen før saka skal til politisk handsaming. Endeleg vedtak blir gjort i desember 2017.

Kan komme bru her

KAN BLI BRU: I ytre Nordfjord kan det komme ei bru.

Foto: Arne Stubbhaug / NRK