Ein fastklemd etter ulukke

Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke ved ferjekaien på Stårheim. – Ein bil har køyrt i fjellveggen, opplyser Alarmsentralen. – Ein person er ute av bilen, medan ein sit fastklemd. Personen er bevisst, og naudetatane driv med frigjering, opplyser politiet.