Hopp til innhold

Sikta kvinne vedgår knivstikking, men ikkje drapsforsøk

Ein eldre mann er alvorleg skadd med stikkskadar på Bømlo. Kvinna i 60-åra fortel i avhøyr at ho skal ha brukt ein brødkniv for å «sette han på plass».

Stikkhending i Bømlo

PÅ STADEN: Politiet utfører taktisk og teknisk etterforsking på Bremnes laurdag kveld.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Søndag klokka 12-16 vart kvinna i 60-åra avhøyrd ved Haugesund politistasjon.

Ho vart laurdag sikta for drapsforsøk på ein mann i 70-åra, som blei frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Kvinna erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga, men vedgår at ho står bak knivstikkinga, opplyser forsvarar Erik Lea til NRK.

Ifølge han har den sikta og den fornærma hatt eit av og på-forhold i over ti år.

– Det er mykje kjærleik og hat, og mykje alkohol. Dei var saman og drakk på laurdag, då det blei mykje kjensler og alkohol. I ein oppheita situasjon har ho då knivstukke han, seier Lea.

Erik Lea, advokat

FORSVARAR: Advokat Erik Lea forsvarar den sikta kvinna.

Foto: Rosa Irén Villalobos

Ville «sette han på plass»

– Ho bruker sjølv uttrykket at ho ville «sette han på plass litt», men ho ville ikkje drepe han, seier forsvararen.

– Kva meinte ho med det?

– Det veit eg ikkje, men det var vel for å roe han ned eller justere han litt, men det var ikkje med hensikt om å drepe, seier Lea.

Han fortel at ho har fortald detaljert og ordrikt i avhøyr, men han vil ikkje gå inn på fleire detaljar i pressa.

Skal ha brukt brødkniv

Politiet har stadfesta at hendinga skjedde i bustaden hennar, som har teke ein kniv i beslag.

Ifølge forsvarar Lea er det snakk om ein brødkniv.

– Ho erkjenner at ho har brukt ein kjøkkenkniv, altså ein brødkniv, til å stikke med, seier han.

Mannen blei laurdag frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Søndag ligg han framleis på sjukehuset og skal ha blitt operert, ifølge politiet.

Politiet opplyser at han er alvorleg skadd.

Den sikta er prega av hendinga

Kvinna skal vere prega av hendinga, ifølge forsvararen.

– Ho er oppteken av to ting: korleis det skal gå med han, og korleis det skal gå med ho framover, seier Lea.

– Har ho vore borti politiet tidlegare?

– Ja, det trur eg relatert til husbråk, men eg trur aldri ho har sona for noko, seier forsvararen.

Politiet håper å få gjennomført eit avhøyr med den fornærma manenn i løpet av ettermiddagen.

– Vi har elles ikkje opplysningar om helsetilstanden, anna enn at vi har vore i kontakt med han på sjukehuset, og har gjort ein avtale om å avhøyre han i ettermiddag, seier Soma.

STIKKSKADAR: Bremnes er sentrum i Bømlo.

Fornærma gjekk til nabo som varsla

Politiet gjer undersøkingar på åstaden og skal gjennomføre fleire vitneavhøyr søndag.

Det er framleis for tidleg å seie noko konkret om foranledning og motiv, nettopp fordi det står att sentrale avhøyr, seier Soma.

Politiet fekk meldinga om kroppsskade i bustaden på Bremnes på Bømlo laurdag klokka 14.39.

Det skal ikkje ha vore nokon vitne til sjølve hendinga, men politiet snakkar med folk som veit meir om relasjonen mellom sikta og fornærma i saka.

– Fornærma har gått over til ein nabo, som varsla naudetatane om hendinga. Fornærma blei verande hjå denne naboen fram til ambulansen kom, og han blei henta av luftambulanse.

Knivstikking på Bømlo

SPERRA AV: Politiet skal gjere undersøkingar på åstaden i fleire dagar.

Foto: Håvard Hammarstrøm / Bømlo-nytt

Har teke beslag i kniv

Politiet sperra av ein bustad der hendinga skal ha skjedd. Det blir gjennomført kriminaltekniske undersøkingar inni bustaden, som vil halde fram måndag og tysdag.

Dette skal vere bustaden til sikta i saka. Det er teke beslag i ein kniv som politiet fann inne hjå sikta, som vil bli undersøkt nærare om har blitt brukt til å påføre stikkskadane. Det har vi ein mistanke om, seier Soma.

Dei involverte har ikkje ein familiær relasjon.

– Vi veit at dei to kjente kvarandre og har hatt ein relasjon over noko tid, men ønsker ikkje seie noko nærmare om den relasjonen no. Vi skal kartlegge forholdet mellom fornærma og sikta nærmare, seier politiadvokaten.

Kvinna var laurdag kveld i innleiande politiavhøyr på politihuset i Haugesund.

Interessert i tips

Innsatsleiar i politiet, Tore Frøyland-Jensen, seier alt tydar på at det berre var to personar til stades der hendinga skjedde, den sikta og den fornærma. Han seier at politiet er interesserte i tips i saka.