Hopp til innhold

Ein av tre brukar medisinane feil

Fem gongar fleire døyr av feil medisinbruk enn i trafikkulukker. No vil farmasøytane ha tilgang til medisinhistorikken til kundane.

Medisinskap

MANGE FÅR FEIL: Kvar tredje norske medisinbrukar vert feilmedisinert. Ofte får kundane medikament som ikkje passar i lag med medisinar dei brukar frå før.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er veldig høge tal me ser, seier professor i farmasi ved Universitet i Bergen, Svein Haavik. Han har sett på kor stor del av medisinbrukarane i Noreg som vert feilmedisinerte.

Svein Haavik

STYGGE TAL: Forskar Svein Haavik meiner ein må setja inn tiltak for å redusera det høge talet på feilmedisinerte pasientar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Forskarane reknar med at så mykje som kvar tredje norske medisinbrukar brukar medisinen feil. Ofte kan medisin som i utgangspunktet ser riktig ut, få uheldige konsekvensar i kombinasjon med andre medisinar.

– Dette har vi funne ut når vi studerer korleis pasientane bruker medisinen sin. Det gjeld spesielt for kroniske sjukdomar der du brukar medisin i lengre tid og ikkje merkar symptomlindring eller effekt av medisinen, seier Haavik.

Alvorlege utfall

– Om ein brukar medisinen feil vert ein for det fyrste ikkje frisk, men det kan også gje uønskte biverknader – i verste fall alvorlege skadar og død, seier Haavik.

Det finst ikkje eksakte tal på dødsfall, men basert på biverknadsmeldingar og vitskaplege rapportar frå sjukehus, anslår Statens legemiddelverk at rundt 1000 pasientar kvart år døyr som følgje av biverknadar og uheldig bruk av legemiddel.

Dette er i så fall nesten fem gangar så mange fleire enn dei som døyr i trafikken kvart år.

Farmasøytar ingen tilgang

Gunvor Johnsen har arbeidd som farmasøyt i 25 år. Sjølv om ho har mykje erfaring, meiner ho at kompetansen hennar ikkje vert godt nok nytta. Farmasøytar har i dag ikkje tilgang på medisinoversiktene til kundane sine, og kan difor ikkje kontrollera den totale medisinbruken.

Gunvor Johnsen

UROA FOR KUNDANE: Farmasøyt Gunvor Johnsen får i dag ikkje fram informasjon om kva andre medisinar kundane brukar.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Mange ulike medikament skal ikkje kombinerast. Ein kan få auka konsentrasjon med stor fare for biverknader. Ein kan til dømes få muskelskadar og liknande, forklarer Johnsen.

Sidan dei tilsette på apoteket ikkje kan sjå kva medisin du brukar, er dei avhengige av at kundane gjev beskjed om dette.

– Vi på apoteket får ikkje noko opp på skjermen, og då er vi avhengig av at kundane seier ifrå.

Viktig med god forståing

Professoren er einig i at noko må gjerast. Han har fleire forslag.

– For det fyrste må pasientane få ei god forståing kvifor og korleis medisinen skal brukast. Og så er det mange som er ansvarlege her i forhold til reseptmedisin. Fyrste omgang legen som forskreve medisinen, men dei som arbeide på apoteket har eit eige ansvar når dei deler ut medisinen og at dei får pasientane til å bruke den på riktig måte, forklarar Haavik.

Personlege medisinlister

Haavik meiner særleg at personlege medisinlister kan vera eit effektivt mottrekk mot feilmedisineringa.

– Ein bør få ei god oppdatert oversikt over kva medisin pasientane skal bruka. Den må vera tilgjengeleg for dei som arbeider på apoteket når dei skal dela ut legemiddel, seier Haavik.

– Korleis ser du for deg at det skal gjennomførast?

– Vi har no gode elektroniske system. Vi kan tenkje oss ein elektronisk legemiddeljournal som må vera oppdatert og tilgjengeleg. Eg veit at legemiddelverket har foreslått at det vert etablert slike system, seier professoren.

Økonomisk tap

Forskaren innser at forslaga ikkje er uproblematiske når ein kjem til personvern. Men feilmedisinering gjev ikkje berre store helsekonsekvensar, også økonomiske går samfunnet på store tap.

mann på sletten

SJEKKAR NØYE: Hans Kjellevold er ikkje ukritisk til medisinen han får på apoteket.

Foto: NRK

– Vi ser berre i vårt vesle land, så betaler dei offentlege omtrent 10 milliardar kroner i året på legemiddel og når ein tenke at ein tredel ikkje vert brukt på den beste måten, så er det i beste fall tvilsamt, seier Haavik.

Sjekkar alltid

På Sletten senter i Bergen møter NRK.no mange som sjekkar medisinen sin nøye for å kontrollere at dei ikkje får feil. Ein av desse er Hans Kjellevold.

– Eg har opplevd at eg har fått feil på apoteket, difor sjekkar eg alltid når eg kjem heim om det stemmer, seier Kjellevold.

Meir merksemd rundt legemiddel

Sveinung Stensland som representerer Høgre i Helse og omsorgskomiteen på Stortinget, ser alvorleg på at så mange brukar medisin feil.

Sveinung Stensland

UROA: Stortingsrepresentant Sveinung Stensland ser alvorleg på at så mange får feil medisin.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han seier det vert jobba med problemstillinga. Men Stensland vil ikkje konkludera på om løysinga er å gje apoteka elektronisk tilgang til den totale medisinbruken til pasientane.

– No jobbar vi allereie aktivt med å få ei ny legemiddelmelding på plass. Vi har allereie varsla at vi vil ha meir merksemd rundt legemiddelinformasjon. I tillegg må vi sjå korleis dei ulike yrkesgruppene i helsestellet kan jobba betre saman sånn at resultatet vert best mogleg for pasientane, seier stortingsrepresentanten.