Hopp til innhold

Ein av tre 18-åringar har aldri hatt hol i tennene

Tannlegane finn stadig færre hol å tette i tennene til norske ungdomar. Faktisk har ein av tre attenåringar aldri hatt hol i tennene.

Ingen av dei spurte på gata i Førde har hatt hol i tennene.

PUSSAR: Halimo Yoonis og Besrat Samson meiner god tannpuss er årsaka til at dei aldri har hatt hol i tennene. Og det blir fleire som venninnene.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Mange av oss har vore der; angrande i tannlegestolen i det ein mann i kvit frakk ser på røntgenbileta og ristar på hovudet medan han fyrer opp borren.

Men tennene til norsk ungdom har aldri hatt færre hol. Oppskrifta er såre enkel ifølge ungdommane sjølve:

– Eg pussar tenna når eg skal, fortel Halimo Yoonis.

– Eg pussar om morgonen og om kvelden, parerer Besrat Samson.

Ingen av dei to har hatt hol i tennene, og dei er i godt selskap for 1 av 3 under 18 år har aldri hatt hol i tennene, syner ei undersøking gjort av SSB.

– Trur de tannlegane går tom for arbeid etter kvart om dette held fram?

– Eg trur det, ler Yoonis.

Bra, men ikkje bra nok

Kristin Lefdal, Nordfjordeid tannklinikk

SAMARBEID: Tannpleiar Kristin Lefdal trur tannhelsetenesta sitt samarbeid i kommunane bidreg til nedgangen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Kristin Lefdal er klinikkleiar ved Stryn, Sandane og Nordfjordeid tannklinikk og jobbar som tannpleiar.

Ho kjenner seg att i tala frå SSB. Og meiner at samarbeidet mellom tannhelsetenesta og helsestasjonar, barnehagar og skular påverkar statistikkane positivt.

Vi ser at tannhelsa blant barn og unge blir betre og betre. Frå dei kjem til oss for første gong som treåringar til dei er 18 er det generelt lite hol, seier Lefdal.

Heming Olsen-Bergem er president i Tannlegeforeningen.

Han meiner nedgangen er eit resultat av eit lengre helseførebyggande arbeid, med fokus på sunnare kosthald, ernæring og hygieneråd for god tannhelse.

Heming Olsen-Bergem er president i Den norske tannlegeforening.

Heming Olsen-Bergem er glad for utviklinga, men meiner tannhelsa blant unge under 18 år framleis har ein veg å gå.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Likevel er han uroa.

– To av tre under 18 har framleis hol i tennene, og det er ikkje bra nok, seier Olsen-Bergem.

Hola som blir rapportert inn er dei som har kome så langt at dei treng behandling. Det er truleg langt fleire som har små begynnande hol, som kan bli betre med endring i kosthald og god tannhygiene, forklarar han.

Uroa for syreskadar

I tala frå SSB ser ein at nedgangen i tal hol flatar ut blant 12-åringane.

Olsen-Bergem peiker på at auka inntak av sukkerhaldig mat og sure drikkar, har skulda.

Det som uroar tannpleiarar, tannlegar og tannlegeforeiningane er alle dei sure drikkane som etsar i tennene. Det er betydeleg meir arbeid å reparere enn små hol, seier han.

Tannlegeforeningen meiner at ei innføring av sukkeravgifta vil hjelpe. Men har følgande råd til foreldre:

– Det aller viktigaste er å få tilbake laurdagsgodt tankegangen; at brus og godteri er noko ein primært et ein dag i veka. Det er viktig at foreldre er med å passe på at dei unge faktisk pussar tenner, gjerne brukar tanntråd og brukar fluoridtannkrem.