Hopp til innhold

Ein av ti manglar røykvarslar på hytta: – Eit veldig høgt tal

Ei ny undersøking viser at fleire hytter enn først antatt manglar både røykvarslar og brannsløkkingsapparat. Brannvesenet er uroa.

Ensomme hytter i Myrkdalen, Påskekortstokk

AVSIDESLIGGANDE: Hyttefelt ligg ofte eit stykke unna brannstasjonen, som understrekar behovet for å ha brannutstyr i orden.

Foto: Arne Hofseth

– Me får sjekke batteriet, seier Torleif Ones og strekker handa si mot røykvarslaren.

Dei velkjente pipa tilseier at i denne hytta på Kvamskogen er alt på stell. Men det er ikkje alltid tilfelle.

Ones er brannsjef i Kvam herad, ein kommune med om lag 3000 hytter. Han er bekymra over branntryggleiken i fritidsbustadar før storinnrykka i både vinterferien og påskeferien.

– Erfaring tilseier at når folk reiser på hytta, tenker dei ikkje på branntryggleik i første omgang, forklarar Ones.

Brannsjef i Kvam Herad, Torleif Ones

UROA: Brannsjef i Kvam herad, Torleif Ones, er uroa over kor mange hytter som manglar røykvarslar og brannsløkkingsapparat.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Høge tal

Sjølv om hytta brannvesenet er på tilsyn hjå i dag har utstyret i orden, gjeld ikkje det overalt.

Undersøkingane til Vest brann- og redningsteneste viser er at om lag 10 prosent av hytter har ikkje fungerande røykvarslar, og 20 prosent manglar brannsløkkingsapparat.

– Det er eit høgt tal. Det er veldig viktig å passe på at dette er i orden. Viss ein låner hytta av andre, vil eg anbefale å ta med ein røykvarslar, seier brannsjef i Bergen brannvesen, Leif Linde.

Det er over 26.000 hytter i regionen, og litt over 20 prosent av dei har no fått tilsyn av brannvesenet.

Tidlegare i år skreiv NRK om hyttebrannar som følge av manglande brannutstyr. Der vart det meldt om ei undersøking der hytteeigarane sjølve melde inn kva status var på røykvarslar og brannsløkkingsapparat.

Tala som då kom fram, var på høvesvis 3 og 4 prosent.

Undersøkinga som Vest brann- og redningsregion har jobba fram, viser langt høgare tal enn dette. Brannsjefen i Bergen er kjent med den andre rapporten, og forklarer spriket i tala.

– Dette er ei undersøking me sjølv har sett i gang. Her det rapportar etter tilsyn frå brannvesenet, ikkje med eigarane, forklarer Linde.

Brannsjef i Bergen brannvesen, Leif Linde

BRENNANDE ENGASJEMENT: Brannsjef i Bergen brannvesen, Leif Linde, minner om at det er dei same krava til branntryggleik i heimen som på hytta.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Omtrent på snittet

Avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap, Johan Marius Ly seier at desse tala er representative for heile landet.

Det er 426.000 hytter i Noreg, ifølgje SSB. Er tala representative for heile landet, betyr det at 42.000 hytter manglar fungerande brannvarsling.

– Tidlegare undersøkingar viser at ganske mange ikkje har røykvarslar på hytta, seier Ly.

Han leier avdelinga for førebygging og tryggleik i Dsb, og understrekar kor lite som skal til for å vere på den sikre sida.

– Ein må installere røykvarslar, sjekke batteria kvar gong ein er på hytta, og ha med ekstra batteri. Dette kostar lite, og gjev mykje branntryggleik, forklarer Ly.