– Som regel trivst du best når du gjer det du vil. Dagane blir kortare, og du kjem til å ha det mykje meir moro, seier tømrarlærlingen Mathias Hatlevoll.
Han ber dei nær 65.000 ungdomsskuleelevane i landet velje med hjartet når søknadsfristen til vidaregåande opplæring snart går ut.
Sjølv har Hatlevoll tatt seg ein kort pause frå arbeidet i eit hyttefelt utanfor Sogndal.
Ein firedel av elevane som startar på vidaregåande fell frå undervegs. Feil val av linje i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande er med og aukar sjansen for fråfall.
18-åringen Hatlevoll var aldri i tvil då han som tiandeklassing skulle gjere sitt val. For han var tømrarlinja ein stad han kunne nå målet om å ha ein variert arbeidsdag.
– Då eg sat på skulen, var alt eg ville var å vere i aktivitet. Eg klarte ikkje å sitte lenge nok i ro.
Elevane er usikre
Men ikkje alle er like sikre som Hatlevoll. Den siste tida har avgangselevane på Førde ungdomsskule vore inn og ut av kontoret til rådgivar Sissel Sande for å snakke med ho om kva dei skal drive med til hausten.
Søknadsfristen 1. mars nærmar seg, og Sande fortel at for nokre elevar er retningsvalet vanskeleg.
– Skal du velje det same som resten av vennegjengen? Eller skal du risikere å bryte med fellesskapet for så gå inn i noko nytt, er noko av det dei spør seg om.
LINJEVAL: Victoria Kristine Selvik (til høgre) ved Førde ungdomsskule enda ikkje har søkt skuleplass til hausten, men det har veninnene Iman Saydulaeva Amirovna (til venstre) og Helena Eowyn Berglid
Foto: Ingrid Årdal/NRKHar ikkje bestemt seg
Ei som framleis er usikker på retningsvalet er Victoria Kristine Selvik. 15-åringen ved Førde ungdomsskule har fått innspel frå rådgivar på skulen, foreldre og vener om kva ho bør søke seg inn på.
Etter blant anna å ha vore med å bygge ut familiehytta, kan førdejenta sjå for seg å søke byggfag. Men Victoria har og andre tankar om kva ho vil.
– Eg tenker litt på om eg skal søke meg inn helse- og oppvekstfag, sidan eg er glad i ta vare på dei eg har rundt meg. Så det hadde vore ei moglegheit for meg.
LÆRAR: Tømrarlærling Mathias Hatlevoll ser på medan arbeidsleiar Tommy Resaland viser korleis ting blir gjort.
Foto: Ingrid Årdal/NRKØnsker å gjere noko anna
Då sogndølen Mathias Hatlevoll søkte seg inn på tømrarlinja, blei han den første i familien som søkte seg inn i eit yrkesfagleg arbeid.
Sjølv er 18-åringen storfornøgd med valet han tok i tiande klasse, men han har høyrt frå vener og andre som gjerne skulle tatt eit anna val då dei var yngre.
– Dei seier dei hadde seg at dei tok yrkesfaglinja på vidaregåande. Det har med at mange av dei i dag sit på eit kontor, men dei skulle ønske dei var i eit yrke med meir aktivitet.