Hopp til innhold

Bedriftene skrik etter sånne som Iselin (30): – Mangel på arbeidskraft er komen for å bli

Stor Nav-undersøking: Noreg manglar over 70.000 folk til jobbar i heile landet.

Iselin Alfheim jobbar.

ETTERTRAKTA: Då 30 år gamle Iselin Alfheim ikkje kunne jobba i helse lenger tok ho eit kurs for å bli møbelsnikkar.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK Vestland

– Det har vore gøy, først og fremst. Det er kjempekjekt å læra nye ting og å meistra.

30 år gamle Iselin Alfheim står i verkstaden til møbelbedrifta Vestlandske Heiltremøblar utanfor Bergen.

Den tidlegare helsefagarbeidaren måtte bytta ut plasthanskar og medisinsk utstyr då eiga helse sette ein stoppar for jobben i helsesektoren.

Gjennom Nav tok tobarnsmora eit kurs i bygg og anlegg. Berre ti dagar inn i praksisen fekk ho tilbod om fast jobb.

No er ho eit døme på kva folk arbeidslivet i Noreg har behov for.

Iselin Alfheim
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Kan ikkje hugsa sist

At det var enkelt å få jobb er kanskje ikkje så rart.

Verksemder over heile Noreg har vanskar med å finna nye tilsette, viser tal frå Nav si nyaste bedriftsundersøking.

Totalt 11.000 bedrifter over heile landet har svart på Nav sine spørsmål. Dette er hovudfunna:

  • Ein av fire oppgir at dei har alvorlege rekrutteringsproblem.
  • Bedriftene manglar 70.250 arbeidstakarar. Det er det høgaste talet sidan 2008, den gongen før finanskrisa.
  • Det trengst over 15.000 arbeidstakarar innan helse og omsorg.
  • Det trengst flest folk i Øst-Viken og Oslo.
  • Det er aller størst problem med å rekruttera arbeidskraft i Nordland.

Grafen viser kor store problem dei ulike fylka har med å rekruttera arbeidskraft. Talet er berekna ut frå forholdet mellom mangelen på arbeidskraft og den ønskte sysselsetjinga. Eit høgt tal indikerer ein stram arbeidsmarknad.

Sjå oversikt over kva yrke som treng folk mest lenger nede i saka.

– Eg kan ikkje hugsa sist så mange bedrifter rapporterte mangel på arbeidskraft, seier Bjarte Hysing Olsen, assisterande direktør i Nav Vestland.

Bjarte Hysing Olsen, assisterande direktør i Nav Vestland.

OPTIMIST: Hysing Olsen i Nav meiner me går inn i ei optimistisk tid for arbeidsmarknaden.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

På landsbasis er det helse- og sosialtenesta som har størst vanskar med å tilsetta nokon med rett kompetanse.

Også verksemder innan overnatting og servering, undervisning og bygg og anlegg slit med rekrutteringa, ifølge undersøkinga.

Grafen viser kva bedrifter som ikkje har fått rekruttert arbeidskraft – eller har måtta tilsetta nokon med annan kompetanse enn det vart søkt etter.

Tala for dei andre næringane ligg i botnen av saka.

Gode og dårlege nyhende

Tala frå Nav viser også at fleire verksemder må tilsetta personar utan rett kompetanse.

Størst andel er i undervisningssektoren, der nesten ein av fem har sagt at dei har måtta tilsetta nokon utan den kompetansen dei var på jakt etter.

Hysing Olsen meiner likevel me er inne i ei tid med optimisme på arbeidsmarknaden.

– Den gode nyheita er at me er tilbake til der me var før pandemien, seier Hysing Olsen.

Men det er ikkje berre positivt med mange ledige stillingar.

– Den dårlege nyheita er at mangel på arbeidskraft er komen for å bli, sannsynlegvis.

Iselin Alfheim

TØMMER: Medisinsk utstyr blei bytta ut med tømmer når tobarnsmora valde å omskulera seg.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Vil ta utdanning gjennom jobb

For Alfheim var det ikkje eit alternativ å begynna på universitet eller høgskule.

– Eg syns det er gøy med det faglege, men eg klarar ikkje å lesa bøker dag ut og inn. Eg må gjera noko fysisk også.

Ho er framleis eit stykke frå eit fagbrev som møbelsnikkar. Men det kan ho ta i bedrifta ho jobbar i.

Iselin Alfheim jobbar.

FYSISK ARBEID: Det er eit stort behov for fagpersonar innan bygg- og anlegg, viser tal frå Nav.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Det trur direktøren i Nav Vestland blir vanlegare i tida som kjem.

– I framtida kan nok ikkje arbeidsgivar rekna med å få kvalifiserte tilsette gjennom vanlege søknadar. Dei må nok i mykje større grad vera med å kvalifisera personen på eiga hand.

Møbelsnikkar og sjef, Jarl Haug, er glad for å ha ein nytilsett som har lyst til å læra.

– Det hadde ikkje gått utan ho, seier han.

Jarl Haug og Iselin Alfheim.

LÆRER: Alfheim høyrer godt etter når Jarl Haug fortel korleis ting skal gjerast.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK