Hopp til innhold

Framtida til overgrepsmottaket kan i dag blir avgjort av Eid-politikarane

FØRDE (NRK): Tida er i ferd med å renne ut for overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane. Eid kan bli tunga på vektskåla, og i dag skal dei fremste politikarane diskutere saka.

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

KAN SNART STÅ UTAN JOBB: Katja Nielsen har tidlegare fortalt til NRK at det er trist om tilbodet dei har bygd opp blir lagt ned. I dag kan lagnaden til overgrepsmottaket blir avgjort av politikarane i Eid.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Første april må det einaste overgrepsmottaket i fylket permittere tilsette, dersom dei ikkje får til ein ny avtale med kommune.

Sidan 2012 har mottaket teke imot, behandla og teke vare på valdtektsoffer og andre som er utsette for seksuell vald.

Kommuneoverlege og legevaktsjef Øystein Furnes i Førde seier det hastar å få på plass ein ny avtale med kommunane.

– Vi kan drive overgrepsmottaket ut mars månad, deretter må vi permittere våre tilsette.

Kommunane i fylket har til no ikkje klart å samle seg rundt den framtidige organiseringa av overgrepsmottaket. Kimen til usemje er at staten har vedteke ei ny ansvarsfordeling. Kommunane, ved legevaktene, har fått ansvaret for vald i nære relasjonar, medan sjukehusa skal ta seg av overgrepsoffer.

Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane kan bli lagt ned. Skjer det, står overgrepsoffera sin rettstryggleik i fare, meiner ei samla gruppe fagfolk.

Fryktar for kompetansen

Furnes meiner oppdelinga ikkje er fornuftig og vil samle alt på dagens overgrepsmottak, som er lokalisert ved sjukehuset i Førde.

– Å ta imot ein person som er utsett for eit overgrep, anten vald i nære relasjonar eller seksuelle overgrep, er veldig tidkrevjande. Det krev også ein eigen kompetanse som går på rettsmedisin. Det har ikkje vanlege legar og sjukepleiarar, argumenterer Furnes.

Sjølv om denne kompetansen kan opparbeidast ved kvar enkelt legevakt eller legevaktsamarbeid, meiner Furnes mykje talar for å halde på dagens organisering.

– Vi er eit lite fylke. Statistisk sett er det 40–50 saker totalt i året som må inn til eit overgrepsmottak. Om det då er ulike legevaktlegar og sjukepleiarar som tek imot offera, så får ingen bygd erfaring. Du treng både opplæring og erfaring for å gjere ein god jobb.

Øystein Furnes

SKJEBNETID: Øystein Furnes er spent på avgjerda i Eid. – Eg veit at det er fleire krefter i Eid som jobbar for at vi skal få behalde mottaket vi har no, men kva utfallet blir er vanskeleg å seie, seier han.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Kan ikkje love noko

Sunnfjord-kommunane og fleirtalet av Sogne-kommunane er med på den nye organiseringa ved sentralsjukehuset. Nordfjordkommunane blir dermed tunga på vektskåla.

Hornindal har allereie sagt nei. I dag skal saka opp i formannskapet i Eid.

Furnes trur det kan bli vanskeleg å få dei andre kommunane til å gå inn med meir pengar, om nokre kommunar trekkjer seg ut. Avgjerda i Eid blir difor viktig.

Alfred Bjørlo

PÅ SAKSLISTA: Både formannskapet og kommunestyret i Eid skal no diskutere framtida til overgrepsmottaket. Ordførar Alfred Bjørlo lovar ei grundig politisk drøfting.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi må gjere ei heilskapleg vurdering på korleis vi løyser desse tenestene best, seier Venstre-ordførar Alfred Bjørlo.

Helse- og sosialutvalet si innstilling er at kommunen trekkjer seg frå dagens samarbeid. Bjørlo seier utgreiingar som ligg føre går for å løyse oppgåva lokalt.

– Dette av faglege omsyn som handlar om nærleik til tenestene og at ein får oppdaga overgrep tidleg og kjem tett på dei det gjeld.

Bjørlo vil ikkje forskottere kva formannskapet fell ned på. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret neste veke.