Hopp til innhold

– Eg vil ikkje kalle det ekstremt, men det blir kaldt

Grytidleg tysdag morgon var det 29 bitande kalde minusgrader på Filefjell. Berre ein stad i fylket fann meteorologen plussgrader i morgontimane.

Kald dag i Lærdal

KALDT: Vinteren har lagt ei kald hand over Sogn og Fjordane denne veka. Biletet er frå Lærdal i går, i dag er det minus ti grader i sognekommunen i morgontimane.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er kaldt i fylket no. Eg prøvde å finne ein målestasjon på plussida, og det var det berre Kråkenes fyr som var. Der var det pluss 0,2 grader.

Det seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Så vidt på pluss-sida

Og du har sikkert merka at det nye året startar kaldt. Natt til i dag var målestasjonen på Filefjell den kaldaste av fjellstasjonane med minus 30,3 på det kaldaste. Også i den andre enden av skalaen finn vi ein målestasjon i Sogn og Fjordane.

Kråkenes fyr var den tredje varmaste stasjonen i natt, med pluss 1,2 grader.

– Det ser ut til at det skal halde seg kaldt ei god stund framover, og det kan bli endå kaldare i dag enn i går, seier Andersen.

– Blir det ekstremt kaldt i fylket vårt?

– Eg vil ikkje kalle det ekstremt, men det blir kaldt, seier statsmeteorologen.

  • Sjekk ut vêrmeldinga der du bur på YR.no
  • Iskald køyretur på Filefjell 5. januar 2016

    ISKALDT: Joakim Steig Synnevåg har sendt oss dette biletet frå turen over Filefjell i dag tidleg. Biletet er teke i området ved Kyrkjestølen.

    Foto: Joakim Steig Synnevåg

Kan kjennest endå kaldare

Heilt nord i fylket har det i løpet av natta kome litt snø, og dette kan halde fram først på dagen i dag.

– Elles blir det ein fin dag i vente, med for det meste fint vêr. Det er austleg retning på vinden, og den kan kome opp i frisk bris utsette stader. På kysten er det litt meir sørleg retning på vinden, seier Andersen og seier vindforholda slik sett er ganske rolege.

– Men det skal ikkje så mykje vind til no når det er så kaldt, før det kjennest endå kaldare, åtvarar ho.

Og kler du deg godt kan du nyte dagane ute, delar av tida også til varmande strålar frå ei gul kule på himmelen.

– Det kan bli sol den korte tida den er framme, iallfall sør i fylket. Så håpar vi det kan bli det i den nordlege delen av fylket også, seier ho.