Ei heilt spesiell pilegrimsrute

No skal Sogn og Fjordane få si eiga pilegrimsrute. Frå vakre Kinn skal ein kunne ta seg den lange vegen til Selja, både til fots og til havs.

Kinn
Foto: Torgunn Kvellestad

Dette skal verte ei heilt spesiell pilegrimsoppleving.

- Vi ser for oss ei merka vandrerute for pilegrimar med start på Kinn og som skal ende på Selja. Turen vil gå innom stader som vi veit er gamle vegar og der det er gamle historiske minne av kyrkeleg og historisk art, seier sokneprest Kari Leine Balog.

Båt og vandring

Ideen til turen kom i utgangspunktet litt lenger sørfrå. På øya Kinn utanfor Florø jobbar Gry Seim med turisme og som kyrkjetenar.

- Vi ønskjer å få eit sterkare band mellom Kinn og Selja ved å opprette eit rute som blir ein kombinasjon av båt og vandring. Så det blir ei litt spesiell pilegrimsferd.

Ruta ikkje spikra

Selje

Selje og øya Selja

Foto: Stig Silden

Det heile starta med ein telefonsamtale mellom dei to pilegrimsinteresserte damene for eit år sidan. Sidan det har dei samla ei arbeidsgruppe, møtt dei involverte kommunane og næringslivet langs kysten. Mykje ligg etterkvart klart, men sjølve ruta er ikkje spikra.

Vanlegvis føl ei pilegrimsrute ein allereie opptråkka veg, men langs kysten kan jo slikt vera vanskeleg å finna. Kari Leine Balog meiner det er nettopp det som gjer denne ruta så spesiell.

Å prøve seg sjølv

Dei to ser for seg ein trase på mellom 100 og 150 kilometer, som dei vandrande kan leggja bak seg på ei drøy veke. Kanskje skal den følgja den gamle postruta, den skal heilt sikkert leggjast innom gamle minnesmerke - og den skal garantert by på fleire mange opplevingar. Der er pilegrimsentusiastane ekstra sterke i trua.

- Det vil gje både sterke naturopplevingar og røft klima. Ei slik vandring er å få prøve seg sjølv, og prøve å leggje andre praktiske gjeremål til side. Det er ein veldig sunn måte å ha ferie på, seier Seim.