Ei dokke som pasient

Dei tilbyr tannbehandling til halv pris. Men kvar blir pasientane av?

Det er sjeldan at slike som Torgeir Paulsen (68) er mangelvare.

Men norske tannlegestudentar opplever faktisk pasientmangel.

Idun Øye Aarset (23) er tannlegestudent ved Universitetet i Bergen og tannlegen til Torgeir.

For ho er det heilt avgjerande at det kjem ekte menneske med reelle behandlingsbehov til studentklinikken.

Men i Bergen har dei mista nesten halvparten av pasientane dei hadde før pandemien.

400 pasientar kvar dag har blitt til like over 200 om dagen.

I naborommet jobbar Lars Eikehaugen Fadnes (26) konsentrert.

Men pasienten hans er av plast.

For sjølv om det er god trening å øva seg på «Oskar», så kan han ikkje måla seg med ekte pasientar som Torgeir.

«Det finst folk med tannlegeskrekk og folk med forskjellige munnar. Nokon har små tunger, nokon har store.»

Lars Eikehaugen Fadnes

Også studentane i Tromsø og Oslo merkar at det har blitt vanskelegare å få øving på alle typar behandling.

Problemet har kome gradvis, men fått fart i det siste.

Men kvifor dukkar ikkje pasientane opp hjå studentane?

I fleire år har folk hatt god økonomi og i byane er tannlegedekninga god. Og så kom pandemien. Men kanskje viktigast:

Tennene våre er friskare enn før.

«Femti år tilbake i tid var det fleire som fekk gebiss i konfirmasjonsgåve. Tannhelsa vår blir betre og betre.»

Pål Barkvoll, president ADEE, foreininga for tannlegeutdanning i Europa

Jo dårlegare økonomi ein har, jo større er behandlingsbehovet i munnen.

Kutt i budsjetta gjer at prisane på studentklinikkane har gått opp.

Dermed har dei mista kundegruppa med dårlegast råd.

Det fortel Heming Olsen-Bergem, president i Den norske tannlegeforening.

Torgeir har gått til studenttannlege i åtte år.

«Når du byrjar å bli gamal og skrøpeleg kan du like gjerne gi kroppen til undervisningsformål.»

Torgeir Paulsen

Det tek litt ekstra tid når tannlegen din er under opplæring, men framleis blir innhogget i lommeboka mindre.

«Eg føler meg utruleg trygg i denne stolen.»

Torgeir Paulsen

Fotojournalist

Maria Gunnarsdotter Svedal

Fotograf

Arne Frank Solheim

Redigering

Benjamin Dyrdal
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal