Hopp til innhold

Ei av tre vel vekk Lærdal

Ei av tre som kunne valt fødestova i Lærdal gjer det ikkje.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

- Desse tala er talande og dei er til ettertanke, seier informasjonssjef Bjørg Sandal i Helse Vest.

Kvinnene i dei sju kommunane i Indre Sogn fødde kring 300 born kvart år i 2006 og 2007, men statistikken viser at berre kvar fjerde fødande kvinne valde den forsterka fødetova i Lærdal.

Opprettheld i utgangspunktet

Etter at Lærdal vart redusert frå fødeavdeling til forsterka fødestove i 2004, blir omlag 40 prosent av dei fødande rekna som risikofødslar og difor sende til eit sjukehus med fødeavdeling. Men statistikken fortel også at 30 prosent av kvinnene som kunne valt Lærdal i staden vel Førde eller Voss. Sandal fortel at Helse Vest i utgangspunktet vil oppretthalde dagens fødetilbod i Lærdal, men at ein er avhengig av at kvinnene i området verkeleg vel Lærdal.

- Vårt utgangspunkt er at dagens tilbod skal vi oppretthalde, men vi er sjølvsagt avhengige av at dei kvinnene som kan føde i Lærdal nyttar seg av dette tilbodet.

Redde for å bli flytta

Også Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus er fortvilt over at kapasiteten ved fødestova i Lærdal ikkje blir utnytta betra.

- Nokon vil føreslå at vi skal byggje ned, men vi vil føreslå at ein nyttar den eksisterande kapasiteten mykje betre, seier ho.

- Viser dette at tilbodet ikkje er attraktivt nok?

- Problemet er at folk sjølvsagt er redde for å bli overførte til Førde under fødselen om dei får behov for medisinsk smertelindring, seier Hauge.