Hopp til innhold

Ei «forgløyming» gjer denne vegen mykje dyrare

Fylket gløymte noko vesentleg då dei skulle ruste opp vegen. Det kan koste dei dyrt.

Fylkesveg 611

TRONGT: Fleire stader er det ikkje passering om du møter på eit stort køyretøy langs fylkesveg 611.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

På den smale og svingete fylkesveg 611 i Sunnfjord dundrar store køyretøy av garde.

Gruveselskapet Nordic Mining er i full sving med gruveprosjektet sitt på Engebø i Vevring.

Men vegen er ei utfordring – både for gruveselskapet og for bygdefolket.

For mange år sidan vart difor Nordic Mining og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune samde om eit spleiselag for å ruste opp vegen.

I 2011 skreiv gruveselskapet under på at dei vil gå inn med 40 millionar når vegarbeidet startar opp.

Gammal tabbe kosta millionar

Men no som vegarbeidet kan starta, har ei gammal blemme dukka opp.

For i avtalen står det ingenting om at pengepotten kan prisjusterast.

Fylkeskommunen har ikkje sjølv rekna på summen, men ifølge SSB sin priskalkulator ville dei 40 millionane i 2011 i dag utgjort 54,7 mill.

Dermed kan nær 15 millionar vegkroner ha gått tapt.

– Dette er ein svakheit med avtala, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Dei millionane som var skrive under på den gong tok ikkje høgde for at det 10–12 år etterpå har vore ei prisutviklinga i samfunnet.

Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, er samd i at det er ei svakheit i avtalen.

– Eg trur det var ei forgløyming. Det er synd, for prisjusteringar pleier å vere med i slike avtaler. Men dette blei ikkje gjort den gong, og det er litt synd, seier Lefdal.

Vegstrekninga som skal starte opp i år fylkesveg 611

Strekninga Sæla – Holmeset skal utbetrast når vegarbeidet på fylkesveg 611 startar i år.

Foto: Skjermbilete / Vestland fylkeskommune

Går ikkje med på prisjustering

Samla pengepott for prosjektet er på 130,9 millionar.

Planen har vore ei full utbetring av ei kortare vegstrekning. Resten av pengane skal gå til møteplassar og sikringstiltak.

Påstanden til fylkespolitikarane er at Nordic Mining bør gå med på ei prisjustering «om det skal vere mogleg å få gjort dei heilt naudsynte utbetringane».

Men det går ikkje Nordic Mining med på.

Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal seier dei held seg til avtalen slik ho står, men at dei kan bidra med overskotsmassar til vegarbeidet.

– Utover dei 40 millionane kan vi bidra med stein. Det er viktig for oss å ha ein god og sikker veg, og at det blir godt med møteplassar, seier han.

Mot tunnel på fylkesveg 611

Det ser mørkt ut for fylkeskommunen å få meir midlar frå Nordic Mining til opprusting av fylkesveg 611.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Må justere på planane

Fylkesordførar Jon Askeland seier dei har samtaler med gruveselskapet og Sunnfjord kommune om vegen vidare.

Då vil dei snakke om vegstandard og om korleis prosjektet skal løysast finansielt.

Dina Lefdal i fylkeskommunen seier dei må justere på vegplanane slik at det står i stil med pengane dei kan bruke.

– Betyr dette at vegopprustinga ikkje blir i like stor skala som de har tenkt?

– Nei, det betyr ikkje det. Vi har planlagt ut frå dei pengane vi har, og då har vi ikkje rekna med ei prisjustering frå Nordic Mining. Vi må uansett tilpasse aktiviteten ut frå midlane vi har.

Les også Droppa russefeiringa for å bli arrestert

Her blir Tyri Vevle Tvinnereim bore vekk.