Løpet som startar ved den karakteristiske siloen på Egge i Gloppen går gjennom beitemark, myr og bratt terreng opp mot toppen av det vakre fjellet 1338 meter over havet.
Rundt 100 deltakarar gjennomførte det tøffe motbakkeløpet, noko færre enn det arrangørane hadde håpa på.
Ny løyperekord for kvinner
Løpet har ein høgdeskilnad på 1080 meter, og i år som i fjor var det May Britt Buer frå Gular, som vann kvinneklassa. Roger Aa Djupvik frå Gloppen kjempa seg inn til bestetid blant herrane.
VINNAR: May Britt Buer sette ny løyperekord.
Foto: Olav S. EggeBuer sette ny løyperekord for kvinner med tida 56,54 minutt, medan skiløparen frå Hyen sprang på 48,46 minutt i herreklassa.
No avdøde Jon Tvedt frå Gular, har framleis løyperekorden med tida 47,26 minutt.
Skuffande lokal deltaking
Sjølv om ein gloppar vann herreklassa og den lokale motbakkedronninga Merete Helgheim vart nummer to, var det skuffande få lokale deltakarar.
– Breimingane må skjerpe seg, og eg er skuffa over den lokale deltakinga, seier arrangør Olav S. Egge.
Han hadde i alle fall håpa på 150 deltakarar i det nydelege sommarvêret, men har ingen god forklaring på at så få møtte opp.
Egge seier at dei som nådde toppen hadde ein fantastisk dag. Vinnar May Britt Buer uttalte etter løpet, at dette er hennar favoritt-motbakkeløp.
SPESIELL SILO: Deltakarar samla frafor siloen med bilde av Eggenipa.
Foto: Olav S. Egge