Hopp til innhold

– Eg blei advokat på grunn av Nathan

Aina Heldal Bøe kjempa for at Nathan Eshete (7) og dei over 450 asylbarna i Norge. No byrjar ho i ny jobb som advokat innanfor feltet barnerett.

Aina Heldal Bøe
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Aina Heldal Bøe har leia kampen for at sjuåringen Nathan Eshete frå Ytre Arna, skulle få bli i landet. Ved sidan av jobben som jurist i DnB Nord, har ho vore Eshete familiens støtteperson og i fleire år brukt all fritida ho har hatt på asylbarna.

No har Heldal Bøe takka ja til jobben som advokat i advokatfellesskapet Falch.

– Eg er jo jurist og har vore det sidan 2006. Men under rettssaka til Nathan bestemte eg meg for at eg skulle bli advokat. Då kjente eg kor utruleg viktig det er å ha ein god advokat, og kor avgjerande det er i slike saker.

Heldal Bøe tok advokatkurset i førre halvår ved sidan av jobben i DnB.

– Eg har brukt litt tid på å finne ein stad der eg kan få jobbe med den typen saker som engasjerer meg. Samtidig som eg har rom til å vere mamma.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nathan Eshete i rettsal 250 i Oslo tingrett

VANT MOT STATEN: Nathan og foreldra gjekk til sak mot UNE og den norske stat – og vann.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Dei treng nokon rundt seg som kan seie frå

Saka om Nathan og dei 450 andre asylbarna engasjerte Heldal Bøe. UDI ville fyrst ikkje gje opphaldsløyve til sjuåringen som har budd i Noreg sidan han blei fødd. Men i fjor fekk Nathan opphald i Noreg.

No skal Heldal Bøe jobbe med slike saker ikkje berre på fritida, men som ein fulltidsjobb.

– No skal eg få bruke dagane til asylrett og andre saker, til det som eg no har brukt alle kveldane mine på. Eg kjem til å jobbe med barnerett og familierett, blant anna.

Ho byrjar i den nye jobben som advokat 1. september.

– Det er asylbarnsakene som har gjort at eg vil bli advokat sjølv. Ein advokats hovudoppgåve er å fremme rett og hindre urett. Eg vil jo seie at i saka med asylbarna møter ein advokat hovudoppgåvene sine.

Asylbarna er ei gruppe som alltid vil trenge oppfølging, meiner Heldal Bøe.

– Det vil alltid vere asylbarn og behov for at folk som står rundt dei kan seie ifrå. Å kunne ta den typen saker sjølv, vil for meg vere ein god måte å jobbe vidare.

LES OGSÅ: Asylmarkering på Torgallmenningen - Hordaland