Hopp til innhold

E39-tunnelar opna etter ulukke

I Nordhordland er Matreberg- og Trodaltunnelen på E39 opna att etter trafikkulukka tidlegare. Det var ein bilist på veg nordover som kom over i feil køyrefelt i Matrebergtunnelen og trefte ein motgåande bil i sida. Ifølge politiet kom ingen til skade i kollisjonen. Ein mann i 20-åra har fått førarkortet fråteke av politiet på staden.