Hopp til innhold

E39-tunnel stengd

Masfjordtunnelen på E39 i Nordhordland er stengd fordi eit vogntog står midt i tunnelen med eksplodert dekk. Bilbergar er på veg og er venta å vera fremme klokka 15.30, opplyser Statens vegvesen. Politiet har rykka ut for å dirigera trafikken.