E39 open etter lang stengetid

Like før kl. 01:00 natt til måndag stogga eit vogntog på E39 i Halbrendslia i Førde. Det vart tidleg danna lange køar, men litt over kl. 05:00 opna vegen igjen. – Det var veldig kaotisk og lang ventetid for fleire, opplyser Vest politidistrikt til NRK. Glatt vegbane var årsaka til at breitransporten køyrde seg fast.