– Vegen opna for vanleg trafikk kl.19. No er det fri flyt, seier kontrollingeniør på staden Skule Jacobsen.
Etter raset var vegen stengd, før dei opna opp for trafikk med manuell dirigering.
– Vi har spylt fjellsida frå helikopter, og vegbana er rydda, seier Jacobsen.
Les Også: No blir det sett opp fangnett her
To geologar ifrå Statens vegvesen var på staden saman med kontrollingeniøren, og dei har vurdert at det ikkje er fare for fleire ras. Dei kom til Dregebøvatnet klokka 8 sundag morgon, men då var det så mykje skodde at dei ikkje kom seg i lufta med helikopter. No har dei imidlertid vore fleire timar i lufta med helikopter, for å spyle vekk lausmasse og stein.
MÅ FÅ OVERSIKT: ved hjelp av helikopter skal geologane få oversikt over rasområdet
Foto: Alf Vidar SnælandØydela fangnett
Det er på den splitter nye delen av E39 som opna for berre nokre veker sidan, at raset har gått.
På denne vegen er det sett opp nye fangnett som skal hindre slike ras å kome ned i vegbana, men desse netta ligg no flate på bakken i ei strekke på hundre meter. Steinmassane har rett og slett trengd igjennom sperringane.
Mykje regn
Raset vart først varsla klokka 15:45 i går, og det er sannsynlegvis utløyst av dei store nedbørsmengdene som har kome, fortel trafikkoperatøren.
Utover ettermiddagen og kvelden vart veret berre dårlege, og det har kome stadig meir regn. Dei store mengdene gjer at det er fare for nye ras, og det er difor vegen er stengd fram til geologane har gjort si vurdering,