Hopp til innhold

Ove fekk treet i frontruta på E16: – Plutseleg losna rota og trefte meg i frontruta

Stamvegen vart stengd etter det som først vart meldt å vera eit stort ras, men som viste seg å vera ei rotvelte. Ove Samnøen fekk treet i frontruta.

Bil truffet av rotvelt på E16

SKADAR I FRONTEN: Bilen fekk store skadar av treet som velta.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Eg kom køyrande opp bakken. Plutseleg losna rota og trefte meg i frontruta.

Det fortel Ove Samnøen. Bilen hans fekk store skadar på bilen sin etter at eit tre velta ut i vegen på E16 måndag formiddag.

Han fortel at alt gjekk veldig fort.

– Eg trykte på bremsene samtidig som treet trefte. Det trefte jo i taket, så det var umogleg å reagera, seier han.

– Korleis var sikta etter du vart treft?

– Sikta var dårleg. Det var berre å konsentrere seg om å bremsa i eige køyrefelt. Heldigvis trefte eg ingen motgåande bilar, seier Samnøen.

Bilen til Samnøen vart treft mellom frontruta og taket.

– Det trefte godt, men det gjekk heldigvis bra. Det vert ingen jobb i dag, eg må få fiksa bilen og lagt ein vidare plan, seier han etter den dramatiske opplevinga på E16.

Ove Samnøen

VART TREFT: Bilen til Ove Samnøen vart treft av treet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Trudde først det var eit jordras

– Først fekk me beskjed om at det var gått eit større jordras og at ein bil var treft, fortel trafikkoperatør John Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen.

Raset vart tidleg skildra både som eit jord- og eit steinras.

Då dei fekk opp eit kamera såg dei at ein bil stod parkert og at noko sperra eit køyrefelt.

– Slik situasjonen er no så verkar dette nokså udramatisk som ei rotvelte, seier Omdal.

Korleis kan misforståinga stort ras versus rotvelte oppstå?

– Det ligg massar, jord og tre, i vegen, så for ein vanleg bilist kan det sjølvsagt sjå ut som eit ras.

Vegen var stengd mellom Langhelle- og Stavenestunnelen aust for Trengereid.

– Eit vitne har opplyst til politiet at eit køyretøy vart treft av raset, men kunne køyra vidare, sa operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt før politiet var komne fram til staden.

Politiet melder klokka 11.50 at dei har vore i kontakt med sjåføren i bilen som var treft av jord. Det skal ikkje vera personskadar, men materielle skadar på tak og frontrute.

E16 mellom Bergen og Voss er kjend for å vera rasfarleg. I 2018 vart vegen kåra til «Noregs verste veg».

Gravemaskin ryddar etter rotvelte

RYDDAR E16: Gravemaskina rydda rasstaden, og vegen kunne opna igjen etter ein times tid.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK