Bil køyrde inn i steinras – E16 open igjen

Ein bil køyrde inn i eit steinras på E16 i Vaksdal i natt. Ingen personar blei skadde, opplyser politiet.

Steinar på E16

STEINAR: Det rasa små og store ned i vegbana på E16.

Foto: Statens vegvesen

SISTE: Statens vegvesen opplyser at vegen no er open.

E16 mellom Dale og Voss vart tidlegare i dag stengd etter at småsteinar og nokre større steinar raste ut i vegbana mellom Dalseidtunnelen og Trollkonetunnelen.

Det første raset kom i totida i natt. Bilen som køyrde inn i raset skal ikkje vere køyrbar, ifølgje politiet.

– Det kom fleire steinar ned. Like før klokka 7 kom det fleire steinar og nokre av dei trefte tunnelportalen, seier trafikkoperatør Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen.

Trafikkdirigentar og geolog kom til staden.

Steinras ved Dalseidtunnelen på E16 i Vaksdal

MYKJE STEIN: Slik ser det ut i vegbana etter at steinane rasa ned.

Foto: Politiet
Laster kart, vennligst vent...