Hopp til innhold

Frontkollisjon på E16 – skal stå bra til med førarane

To vogntog frontkolliderte på E16 mellom Voss og Gudvangen torsdag ettermiddag. Begge førarane vart sende til sjukehus.

Kollisjon på E16 ved Oppheimsvatnet

FRONTKOLLISJON: På vestsida av Oppheimsvatnet i Voss herad har to vogntog frontkollidert. Vegen er stengd.

Foto: Arne Hofseth

Siste: E16 er open att fredag morgon. I natt blei det sett opp betongklossar som nytt mellombel autovern. Fartsgrensa er mellombels sett ned frå 60 til 50 km/t.

Politiet og 110-sentralen i Vest meldte om ulukka klokka 13.40.

To vogntog frontkolliderte på E16 ved Oppheimsvatnet, mellom Voss og Gudvangen i Vestland fylke.

Ulukka skjedde i vestenden av vatnet, der europavegen svingar ned mot Vinje.

To personar til sjukehus

I 18-tida seier innsatsleiar Jens Petter Gravning i Indre Hordaland lensmannsdistrikt at det truleg har vore sleipt på staden da ulukka skjedde.

Begge førarane blei frakta til sjukehus etter ulukka, og ein av dei framstod først som alvorleg skadd. Ifølgje Gravning skal det no stå bra til med begge.

– Den eine føraren vart tatt hand om av helse og måtte frigjerast. Han blødde kraftig, men etter forholda står det bra til med ham. Den andre føraren var sjølvgåande, og vart og sjekka av helse.

Det var andre bilistar som varsla naudetatane om ulukka.

Politiet har i ettermiddag etterforska ulukkesstaden og avhøyrd vitne.

– Politiet har i tillegg sett på skadane på køyretøyene, og danna seg eit bilete av ein mogleg årsak til ulukka, seier Gravning.

Han kan ikkje seie meir om kva som kan ha vore årsaka.

Ifølgje BT har begge førarane status som mistenkt i politiet sin etterforsking. Årsaka er at det er grunn til å tro at begge køyretøya har bevega seg over i motgåande køyrefelt i ein sving.

Havarikommisjonen bekreftar at dei er varsla om ulukka. Det er framleis uvisst om dei opnar sak.

Ulukke på E16 ved Oppheimsvatnet 8.april 2021

SVING: Ulukka har skjedd i ein krapp sving på E16 ved Oppheimsvatnet.

Foto: Arne Hofseth

Lange køar

Eit vitne på staden fortalde til NRK at det kunne sjå ut som det eine vogntoget fekk sleng på hengaren i den krappe svingen ved Oppheimsvatnet.

Ein lang del av autovernet blei dratt inn i vegbana som følge av kollisjonen. Den eine lastebilen står delvis ute av vegbana og ned mot elva.

Ulukka har skapt lange køar på E16 heile torsdag ettermiddag, da det ikkje er lokal omkøyringsmoglegheit på staden.

Like før klokka 23 blei trafikken framleis dirigert på ulykkesstaden. Det blei jobba med å setja opp betongelement som nytt mellombels autovern.

I 3-tida natt til fredag melde vegtrafikksentralen at vegen var open for fri ferdsel att.

Vegvesenet opplyser til NRK at arbeidet har vore tidkrevande fordi ein del trafikk som skulle passere utan omkøyringsarbeid.

E16 PÅ VOSS: Ulukka har skjedd ved Oppheimsvatnet, mellom Voss og Gudvangen i Vestland fylke.

Vanskelege køyreforhold fleire stader

Torsdag har det vore meldt om vanskelege køyreforhold fleire andre stader på E16 og i Vestland.

På Trengereid og Gullbotn har fleire titals bilar stått fast. Der har både ein bil og ein buss køyrd i grøfta. Det skal vere fleire bilar med sommardekk som fekk problem.

Det skal også ha vore vanskelege køyreforhold på heile strekninga mellom Trengereid og Stanghelle på E16.

I tillegg er rv. 13 over Vikafjellet stengd grunna uvêr, rv. 7 Hardangervidda er steng for personbilar og det er kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell.

Laster Twitter-innhold