Hopp til innhold

E16 inne i Høgre sitt alternative statsbudsjett

Høgre har funne plass til vidare utgreiing av ny E16 og jernbane mellom Bergen og Voss i sitt alternative statsbudsjett.

At vegen ikkje blei prioritert i statsbudsjettet var ei av overraskingene då regjeringa presenterte budsjettet i oktober. «Eit svik», tordna fylkesvaraordføraren.

Erna Solberg seier til NRK at det vil være særs øydeleggande for prosjektet om regjeringa sitt budsjett vert vedteke.

Dei legg inn 200 millionar kroner.

– Dei må få penger til å planlegge ferdig, så kan heller oppstart av bygginga vente om budsjetta er like stramme om nokre år, seier ho.

Høgre har og funne pengar til både Ringeriksbana, Hordfast og Stad skipstunnel i sitt alternative budsjett.

På spørsmål på kvar Høgre vil ta pengene frå svarer Solberg at dei vil bruke mindre i offentleg sektor.

– Vi vil effektivisere meir, og så er det nokre områder i samferdslesektoren der vi er samde i at vi ikkje skal sette i gang store nye prosjekt.

Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016
Foto: Drone