Skarpe svingar.
Ned og opp med stigningar på opp mot 9 prosent.
Over 1000 høgdemeter.
Slik er kvardagen for vogntoga som kvar dag køyrer E134 gjennom Røldal i Vestland.
Av dei 2200 køyretøya som i snitt passerer der kvar dag er 20 prosent tungtrafikk.
Vegen er ein av dei viktige vegane mellom Austlandet og Vestlandet.
– Eg tippar me kvar einaste dag fraktar éin million middagar frå Fatland sitt slakteri i Ølen og til Austlandet, seier Sigve Lervik i Hustvedt & Skeie Transport.
Vogntoga som går over norske fjell går framleis på diesel. Sist helg mobiliserte ei samla næring for ny tunnel.
Foto: Tale Hauso / NRKStamveg mellom aust og vest
For å komma til Oslo på enklast mogleg måte går turen på E134, ein av stamvegane mellom aust og vest.
Ein køyretur på cirka seks timar frå slakteriet. Distansen er 400 kilometer.
Medan dei elektriske personbilane ofte står på ladestasjonen i Røldal, susar trailerane forbi med diesel på tanken.
Slik blir det lenge framover, skal me tru Lervik.
Trass i at regjeringa meiner at alle nye lastebilar frå 2040 skal vera nullutslepp.
STOPP: Så lenge det er så kronglete å køyra mellom aust og vest, vil ikkje Sigve Lervik i Hustvedt & Skeie Transport kjøpa elektrisk bil.
Foto: Tale Hauso / NRKLadar ikkje nedover
– For oss er det heilt urealistisk å gå over til elektriske lastebilar. Mellom Ølen og Oslo måtte me minst ha hatt tre ladestopp på 45 minutt, seier Lervik.
Men når ein skal opp, må ein også ned igjen med same bilen.
– Då må jo bilen lada nedover også?
– Nei, faktisk er det ikkje så enkelt. Ned mot Røldal er det så svingete at me må stoppa heilt opp, for så å akselerera igjen. Difor forsvinn mykje lading, forklarar han.
Dei som køyrer mellom aust og vest vil ha betre veg. Her er Oddgeir Isvik.
Foto: Tale Hauso / NRKEi ny og vintersikker tunnel mellom Seljestad og Røldal langs E134 har i mange år vore inne i Nasjonal Transportplan (NTP).
Tunnelen vil både spara høgdemeter, korta ned distansen mellom aust og vest, og betre tilhøva om vinteren.
Prosjektet står på andreplass på Statens vegvesen si prioriteringsliste.
Forventingane var skyhøge då statsbudsjettet vart presentert i fjor haust.
Men regjeringa sa stopp, og løyvde ikkje pengar.
– Denne regjeringa skjønnar diverre ikkje nokon ting, sa stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) til Haugesunds Avis.
Tunnelen vil ta bort omlag 1000 høgdemeter opp og ned.
Lagde konvoi
No er håpet revidert nasjonalbudsjett som er rett rundt hjørnet.
Og både lokale politikarar og transportnæring mobiliserte sist helg i ein konvoi med både vogntog og bussar.
Dette biletet er teke på toppen av det som vert kalla Håradalen.
Foto: Frode Lykkebø / Statens vegvesenJan Ove Halsøy, regionleiar i Noregs Lastebileigar-Forbund, meiner gamle vegar er ein trussel mot meir miljøvennlege løysingar.
– Berre dei ekstra stigningane gjennom Røldal gjer at me brukar titals liter ekstra med diesel. Og berre tenk på klimagassutsleppa. No må politikarane vakna. Dette er viktigare enn mange av dei andre luftslotta dei vil byggja, fortel han.
Jan Ove Halsøy meiner det må leggjast betre til rette for å velja elektrisk.
Foto: Tale Hauso / NRKOgså han meiner elektrisk drift for næringa førebels er heilt uaktuelt.
– Løysinga er å byggja vegar som er energivennlege. Her er ny Røldalstunnel et stjerneeksempel på korleis det kan gjerast, seier han.
Liten interesse for elektrisk
Interessa for å kjøpa elektriske lastebilar er framleis liten, ifølgje Olav Veggberg, seljar hjå Trucknor Haugesund.
– Salet er først og fremst i samband med anbod, der det er krav om elektriske bilar. Ingen som køyrer transport vil velja elektrisk så lenge det ikkje er krav om det, seier han.
Førebels er under éin prosent av alle lastebilar i Noreg elektriske.
Her er eit elektrisk vogntog frå Volvo på norske vintervegar. Framleis er det lenge til desse er å sjå over norske fjellovergangar.
Foto: Volvo trucksRekkjevidda på eit 44 tonn tungt vogntog med elektrisk drift er oppgjeve til 30 mil. Prisen for ein elektrisk bil er nesten dobbelt så høg som ein med fossilt drivstoff.
– Over Haukelifjell vil diesel vera det føretrekte alternativet i lang tid framover. Det er heller ikkje infrastruktur på plass, seier han, før han legg til:
– Men på nokre transportområde, som renovasjon eller kortare turar mellom t.d. Haugesund-Stavanger eller Bergen-Stavanger, kan me få meir elektrisk drift, seier han.
Da samferdsleminister Jon-Ivar Nygaard (Ap) var på rundtur i området i mars, sa han at tunnelen Røldal-Seljestad er utsett grunna frykt for at vegprosjekt skal stimulera økonomien slik at rentene går opp.
Vogntog på vogntog i demonstrasjon for betre veg.
Foto: Tale Hauso / NRK