Hopp til innhold

Her får du spele dataspel i skuletida

FØRDE (NRK): E-sport er ei populær linje på folkehøgskulane i landet. Trass mykje dataspeling, sit dei ikkje berre framfor skjermane.

E-sport Sunnfjord Folkehøgskule

FULLT FOKUS: i klasserommet til e-sport aktiv på Sunnfjord Folkehøgskule.

Foto: SUNNFJORD FOLKEHØGSKULE

Har du høyrt uttrykket «den sveitte gameren»? Han som sit aleine på eit lukka rom, gaflar i seg potetgull og heller nedpå energidrikk?

Eller er det berre fordommar?

På laurdag byrja folkehøgskulane å ta opp elevar. Ei linje som har vakse seg populær dei siste åra, er e-sport. Sidan 2014 har det kome eigne e-sportlinjer ved 9 av skulane.

På profesjonelt nivå har utøvarane høve til å vinne fleire millionar kroner.

KONSENTRERTE: Marcus Kopren (t.v.) og Sophus Solberg har fullt fokus på skjermen når dei spelar.

KONSENTRERTE: Marcus Kopren (t.v.) og Sophus Solberg har fullt fokus på skjermen når dei spelar.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Det har gått frå å vera ein hobby til å vera noko ein no kan leva av viss ein blir veldig god, seier elev Sophus Solberg.

Vil danke ut fordommane

I haust byrja Sunnfjord Folkehøgskule med det fyrste kullet på linja e-sport aktiv. Her vil dei knuse mytane om at dataspelarar ikkje har noko anna liv utanfor skjermen.

I DEN ÆRVERDIGE TREBYGNINGEN: I Haavetun-bygget held elevane på e-sport aktiv til.

HAAVETUN-bygget: her held elevane på e-sport aktiv til.

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

I den raude trebygningen på Sunnfjord Folkehøgskule sit dei. Nokre elevar drikk energidrikk, andre drikk vatn. Men noko har dei til felles; stort konkurranseinstinkt og eit ynskje om å bli betre.

– Den fysiske aktiviteten er nødvendig når eg spelar. Utan den så veit eg ikkje kva eg skulle gjort, seier Marcus Kopren frå Stavanger.

Han har halde på med fysisk aktivitet heile livet sitt.

– Stort blant ungdommen, mindre kjend for vaksne

Dorte Birch, dagleg leiar ved informasjonskontoret til Folkehøgskulen, hugsar at det vart mykje bråk då den fyrste e-sportslinja skulle byrja i 2014.

Dorte Birch

DORTE BIRCH: Trur ikkje alle i hennar generasjon veit kor stort e-sport er for mange ungdomar og seier at det er klart at folkehøgskulane må vera på plass dei også.

Foto: Folkehøgskolene

– Det førebyggjande arbeidet var så nøye gjennomført at det ikkje var noko problem å forsvare e-sport som ei linje.

– Er linja for passiv på ein folkehøgskule?

– Det er det som er litt morosamt! Folkehøgskulen har mange aktivitetar som er stillesitjande, slikt som grafisk design og arkitektur, svarar Birch.

Vidare utdjupar ho at det interessante med ei slik linje er at ein har høve til å sitje i same rom som folk ein spelar med.

– Men det er viktig å halde seg i god fysisk form for å bli god i E-sport. Og det har ein moglegheit til på folkehøgskulane.

Sosialt på e-sportlinjer

Elev Sverre Krogstad frå Trøndelag likar godt å sitje i same rom som dei han spelar med.

Sverre Krogstad

Sverre Krogstad tykker det er artig å sjå reaksjonar i andleta til sine klassekameratar.

Foto: PRIVAT

– Viss nokon jublar av glede så spreier det seg i rommet og det same skjer andre vegen. Eg vil kalle det ein vinn-vinn-situasjon, seier Krogstad med eit lurt smil om munnen.

Han trur kombinasjonen av speling framfor skjerm og fysisk aktivitet er veldig viktig.

IVRIGE

SUNNFJORDHALLEN: Det er god stemning på sandvolleyballbanen i Sunnfjordhallen, trass høgt konkurranseinstinkt her også.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Slikt som no når me spelar sandvolleyball. Me blir betre kjende med kvarandre, ikkje berre gjennom skjermen.

– I tillegg så får me fysisk aktivitet som hjelper på mentaliteten.

– Er det verre å tape i e-sport eller på volleyballbanen?

– Det er nok veldig individuelt, Men i vår situasjon så er det nok like ille!