– Tidlegare var dei lett å avsløre på grunn av at språket i e-posten vi tok imot, det var dårleg norsk. I dag er det heilt perfekt språk, seier Thomas Rønn-Aar.
Han leiar selskapet som driv datasystema til kommunane i Nordhordland, og fortel om daglege angrep.
I førre veke vart ti norske kommunar ramma av eit e-postangrep som påverka arbeidskvardagen til meir enn 10.000 tilsette.
Cybertryggleikekspert i Norsk senter for informasjonssikring, Vidar Sandland, fortel om angrep som blitt stadig meir utspekulerte.
– I tilfellet med dei ti innlandskommunane har dei spelt på tillit ved å svare på ein «pågåande» samtale på e-post, brukt ekte namn, men endra e-postadressa, og lagt ved eit vondsinna vedlegg.
Bjørn T. Tveiten er leiar for nasjonalt senter for informasjonstryggleik i kommunesektoren.
– Vi er inne i ei bølgje av e-postangrep, og vi må forvente at fleire kommunar og andre offentlege etatar vil bli ramma i dagane og vekene som kjem, seier han.
Daglege angrep i Bergen
I Bergen kommune opplever dei dagleg eit stort tal forsøk vondsinna dataangrep.
– Dette skjer gjennom forsøke på å bryte seg inn i nettverket vårt eller ved ulike forsøk på svindle medarbeidarar, seier Jan Tenold
Han er leiar for avdelinga som har ansvaret for digitale driftstenester i kommunen.
Avsendaren som i førre veke sende e-post til 10.000 kommunalt tilsette i Innlandet, sende også til adresser hos Bergen kommune.
E-posten blei stoppa av tryggleikssystema, før dei nådde fram til dei tilsette.
– Eg trur nok at tilsette i alle kommunar i Vestland tilnærma dagleg blir ramma av forsøk på svindel via e-post, seier Tenold.
– Går etter dei store
I Sogn og Fjordane er pågangen av angrep ikkje like stor, seier Åge Klausen.
Han er dagleg leiar i SySIKT, det interkommunale selskapet som driv systema til mange kommunar i Sogn og Fjordane.
– Det siste året har vi hatt to forsøk som vart stoppa. Elles er det til tider mykje spam som går utover bandbreidda til og frå internett.
Han trur at svindlarane helst går etter dei store kommunane og bedriftene.