Fylkesordføraren trekte fram forslaget til transportplan, Hydro sitt nei til modernisering i Årdal og Høyanger og Helse Førde sitt vedtak for sjukehusa i Florø og Lærdal, i si skildring av elendet.
(Sjå – Katastrofal transportplan.)
– No handlar det ikkje berre om framtida til fylkeskommunen, men om framtida til heile Sogn og Fjordane fylke, sa fylkesordføraren, som frykta auka fråflytting og arbeidsløyse.
Usemje
Mange av talarane frå andre parti protesterte mot svartmålinga til Sandal. Spesielt delte ikkje representantane frå dei regjerande partia skildringane som fylkesordføraren framførte.