Hopp til innhold

Dyrt breiband i distrikta

Når internettbedrifta Local Host no etablerer seg i Måløy, må dei finne seg i å betale langt meir enn konkurrentane deira i hovudstaden.

Bredbånd

Illustrasjonsfoto

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Det er et stort problem for oss, medgir Gunnar Carlson, som er styreleiar i nettbedrifta.

- Alvorleg

- Det hadde satt oss i eit heilt anna konkurranseforhold, viss vi hatt lågare breibandkostnader. Når vi skal gi prisar til bedrifter utafor der vi hold til, så er hovudkostnaden breiband, seier Carlson vidare.

- Førar dette til at de er dømd til å tape den konkurransen?

- Vi skal vinne uansett vi, fortel han.

Store prisskilnader

I Oslo kan ein leige kraftige breibandlinjer for 10 000 kroner månaden, medan ikkje fullt så kraftige linjer kostar 40 000 kroner i månaden i Sogn og Fjordane.

- Bedrifter lokalisert innafor ring 1 i Oslo, har ein heilt anna infrastruktur og dermed ein mykje lågare pris. Viss ein er i Måløy, slik som vi er, kjem transportkostnader frå sentrale strøk i tillegg, seier salsansvarleg for breibandslevarendøren Enivest, Ole Ingar Haaland.

Skal sjå på problemet

- Det er ei sjølvfølgje at det bør vere like prisar, seier fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte. Han lovar å sjå på problemet.

- Viss det er slik, så er dette ei politisk sak. Då er det på sin plass å leggje press på styresmaktene for å forandre dette, seier han.

- Mislikar situasjonen

Fornyingsminister Heidi Grande Røys var til stade då Local Host opna. Ho likar ikkje at det kostar meir i distrikta.

- Det er jo ei konkurranseulempe for distrikta. Dette er noko vi må jobbe vidare med, for å sjå om vi kan kan klare å tilby ein nokolunde lik pris i distrikta som i byane, seier ho.