Hopp til innhold

Dyrebeskyttelsen fortvilar

Dyrebeskyttelsen i Hordaland får ikkje pengar frå Bergen kommune. No fryktar dei flaum av heimlause katter.

Katt

Dyrebeskyttelsen i Hordaland rasar over at dei ikkje får pengar frå Bergen kommune.

Foto: Fredrikstad Dyrehospital

Dyrebeskyttelsen i Hordaland er frustrert over stadige avslag frå Bergen kommune.

Folk finn stadig heimlause katter, hunder og kaniner som treng ein stad å bu, men det kan ikkje organisasjonen tilby. Bergen kommune har nemleg ikkje midler til å støtte Dyrebeskyttelsen sitt prosjekt, nemleg å byggje eit eige hus for heimlause dyr.

– Det er så enormt stor trang for alle dei heimlause dyra i Bergen. Og så som me driv det i dag, så har me frivillige fosterheimar. Men det er jo ei grense for kor mange dyr dei kan ta inn for oss, seier leiar i Dyrebeskyttelsen avdeling Hordaland, Inger-Johanne Graff.

Vert oversett

Ho meiner at organisasjonen vert oversett av Bergen kommune. Men kommunen kan derimot ikkje ta seg råd til å støtte organisasjonen.

Kommunaldirektør i Bergen kommune, Robert Rastad, tykkjer det er svært trist om nokon kjenner seg neglisjert av Bergen kommune. Han seier at dei prøver etter beste evne å gje tilskudd til dei lag og organisasjonar som driv i Bergen og Hordaland.

– Og me har valgt å prioritere Dyrebeskyttelsen i Bergen, dei høyrer til her i Bergen. Dyrebeskyttelsen i Hordaland har og eit svært positivt arbeid, men det er ei politisk prioritering ut i frå dei budsjetta me rår over, seier han.

Gatene kan flaume over av katter

Men Inger-Johanne Graff er ikkje fornøyd, og fryktar for organisasjonens si framtid.

– Eg tør ikkje tenkje på korleis Bergen by og omegn vil sjå ut dersom dei frivillige organisasjonane legg ned. Overflod i gatene og rundt barnehagar og skular med heimlause, sjuke kattar som ingen tar hand om, seier ho.