Hopp til innhold

Nye og dyre medisinar fører til millionunderskot i Helse Førde

Nye og dyre medisinar til behandling av kreft og andre alvorlege sjukdomar fører til at Helse Førde kjem til å gå med millionunderskot i 2013.

Kreftmedisin

NY MEDISIN KOSTAR: Utgiftene til m.a. ny kreftmedisin gjer at Helse Førde går med underskot.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Helseføretaket reknar med eit meirforbruk på mellom fem og ti millionar kroner i år knytta til dei nye medisinane.

Direktør Jon Bolstad i Helse Førde forsikrar at dette ikkje skal gå ut over behandlinga av dei ulike pasientgruppene.

– Når vi no brukar for mykje pengar så er det godt at det dreier seg om pasientgrupper som får moderne og flotte medisinar, men på budsjetta våre gjer det litt vondt. Det viktigaste for meg er likevel at vi gir moderne behandling til pasientane, og så må vi løyse dei økonomiske utfordringane på annan måte.

Jon Bolstad

GÅR IKKJE UT OVER ANDRE PASIENTAR: Direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

– Det svir i denne fasen

Ifølgje Helse Førde-direktøren er dei slett ikkje åleine om å kjenne på den økonomiske smerten nye og betre medisinar fører til. Dette gjeld mellom anna såkalla biologiske medisinar som framleis er under patent, og dermed ikkje kan kopierast for å lage billegare versjonar.

Kjersti Toppe

- FEIL Å KUTTE PÅ ANDRE OMRÅDE: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Paul Sigve Amundsen

– Vi er med og sponsar og betalar tilbake det det kostar å utvikle det som er veldig flott, men det svir i denne fasen. Dette er eigentleg eit nasjonalt problem, kanskje eit internasjonalt problem.

– Må ikkje gå ut over pasientane

Helseføretaka får stadig overført meir ansvar for sjølv å finansiere nye medisinar. For Helse Førde åleine fører det til eit meirforbruk i år på mellom fem og ti millionar. Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, er klar på at dette ikkje må gå ut over pasientane.

– Det skal iallfall ikkje vere slik at auken i utgiftene til enkelte medisinar fører til at føretaket må kutte på andre område. Det blir veldig feil.

Og direktør Jon Bolstad forsikrar at det ikkje er pasientar i Sogn og Fjordane som ikkje får behandling på grunn av budsjettet til Helse Førde.