Hopp til innhold

Dylan (18) stemte for første gong: – Trump skremmer folk med orda sine

Skuffelsen var stor for norsk-amerikanske Dylan George Ness (18) då han innsåg kven som vann presidentvalet.

Dylan George Ness

SKUFFA: Dylan (18) stemte på Hillary Clinton i sitt første val. Her innser han at kandidaten hans har tapt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Clinton er meir eigna for jobben og har meir erfaring, seier Dylan George Ness (18).

Han har nettopp innsett av favorittkandidaten likevel ikkje nådde opp i presidentvalet.

Ness har i heile natt følgt spent med på utviklinga i det amerikanske valet.

Klokka 07.39 var det klart: Republikanaren Donald Trump er USAs neste president.

Dylan, som for første gong har brukt stemmeretten sin, er skuffa. Han gav si stemme til førehandsfavoritten Hillary Clinton.

Valvake på skulen

Dylan flytta frå New Jersey til Noreg som treåring. Saman med kring 70 medelevar har han vore på valvake på den katolske St. Paul skule i heile natt.

Eg er sjokkert, skuffa, sint og redd. Dette gir meg inga god følelse.

Kevin Cahill, professor i filosofi (UiB)

Han fortel av fleire medelevar er nøgd med valresultatet, men sjølv har han lite sans for den nye presidenten.

– Eg likar ikkje korleis Donald Trump framstiller seg sjølv og måten han skremmer folket med orda sine.

Donald Trump

SIGERHERRE: Klokka 09.00 norsk tid gjekk Donald Trump på scena og heldt sin sigerstale.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

Sjokkert og redd

Også Kevin Cahill, professor i filosofi ved Universitetet i Bergen, støttar Clinton. Han følgde innspurten i valkampen i dag frå NRK sitt studio på Minde i Bergen.

Etter kvart som realiteten gjekk opp for professoren, rista han meir og meir på hovudet.

– Eg er sjokkert, skuffa, sint og redd. Dette gir meg inga god følelse, sukkar Cahill.

Dylan George Ness og Kevin Cahill

FØLGDE SENDINGA: Dylan George Ness og Kevin Cahill var gjester i NRK P1 Hordaland i dag tidleg, og følgde innspurten av valnatta på NRK.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Fryktar Trump ikkje vil lytte

Han la seg tidleg i natt og var trygg på at førehandstipsa skulle gå inn. Klokka 05.00 vakna han til sjokket om at Trump var i ferd med å vinna valet.

– Eg blir redd av å tenke på at denne mannen skal gå rundt i verda med kodane til atomvåpena, kommenterer Cahill.

18 år gamle Dylan har tenkt same tanken.

– Det verkar ikkje som om han høyrer på nokon andre enn seg sjølv. Om han først har bestemt seg for noko, så høyrer han kanskje ikkje på råda han får frå dei rundt seg.