Hopp til innhold

Dykkarar vil til brannvesen

Redningsdykkarane i Førde vil bli del av Førde brannvesen for å bli ei betre eining. Det blir opp til politikarane å avgjere.

Redningsdykkarar frå Førde deltek også i søket

BRANNVESEN: Redningsdykkarane frå Førde vil bli del av Førde brannvesen.

Foto: Bjarne Eldevik

Dei sju redningsdykkarane er dei einaste mellom Bergen og Ålesund, men vert rekna som frivillige. Dermed får dei ikkje kompensasjon for innsatsen sin.

For meir ordna arbeidsavtalar, ynskjer dei å bli del av brannvesenet i Førde.

- Vi ynskjer å bli ei betre og meir samordna eining, og det er viktig når det står om sekundar, seier leiar for dykkarane, Stian Helgheim.

Mykje administrasjon

I dag jobbar dei som frivillige i Røde Kors. Nyleg hadde dei oppdrag både i Geiranger og Balestrand, men personleg kompensasjon for oppdraga får dei ikkje.

Sjølv om dei arbeider i fleire timar og gjerne dagar. I tillegg kjem krav til utdanning og administrasjon av mellom anna fakturering.

- Dette er slik som tek veldig mykje tid. Vi tok dykkarutdanninga for å vere redningsdykkarar, men når vi har alle desse oppgåvene så er det det som tek mest tid, seier Helgheim.

Må ha meir pengar

Ynskje til dykkarane er å komme inn under Førde brannvesen, slik redningsdykkarar er andre stadar i landet. Det viser seg lettare sagt enn gjort.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, seier dei allereie samarbeider godt, men vedgår at ei utrykning vil bli langt meir effektivt om dei var samla. Dette vil vere eit økonomisk spørsmål som politikarane til sjuande og sist må ta.

- Dei brannvesena som vi kan samanlikne oss med, så er det snakk om driftsutgifter på vel 300 000 kroner årleg. Dei økonomiske råmene har ikkje Førde brannvesen i dag, seier han.